onsdag 30. oktober 2013

Bok 68 2013: "Rasmus Rebellen" av Øystein Orten

Handlinga i denne nyaste romanen av Øystein Orten er lagd til Sunnmøre i tida rundt 1650. Romanen er basert på ei sann historie om ein bonde som tok opp kampen mot dei tyngande skattane frå kongemakta og maktdemonstrasjonar frå dei lokale embetsmennene. Forteljaren er ein gammal mann som var adoptivson av Rasmus, og han fortel historia til ei ung kvinne som heiter Ragnhild.

Språket er både poetisk og noko gamalmodig, noko som gir eit autentisk preg. Det er likevel lett å følgje handlinga og personane, og eg syntest boka var så spennande at eg hadde problem med å leggje den frå meg.

Forfattaren får tydeleg fram kontrastane mellom kongane si sløsing og bøndene sitt kvardagsliv. Det absurde i at bøndene skulle skattleggjast for å finansiere festing og krigføring kjem dermed tydeleg fram gjennom ulike konkrete døme, som at Rasmus vart skattlagd for å ta til seg ein foreldrelaus barneflokk. At nokre våga å snakke imot overmakta blir dermed framstilt som ubetinga heroisk, sjølv om det førte til straff og motstand. Den stirrige kranglefanten blir såleis ståande som helten i romanen, og mange av oss vil vere einige i at det er slike som får verda til å gå framover.

Dette var verkeleg ei bok etter min smak, og eg trur ikkje det er nødvendig med særleg store historiske kunnskapar på førehand for å kunne ha glede av å lese den. At ein får lyst til å lese meir historisk stoff etterpå, er ei anna sak.

3 kommentarer:

  1. Eg har enno nokre sider att, men er enig i alt du skriv. Som vanlig.
    Men eg synest faktisk det var litt støtte i dei historiekunnskapane eg faktisk har. Men boka er på ingen måte vanskelig. Og eg stoler fullt og heilt på Øystein når det gjeld historiske fakta.

    SvarSlett
  2. Flott at du skriver om denne. Jeg har den i lesebunken min, og ser at jeg har noe bra å se frem mot. Jeg liker i tillegg gammelmodig språk.

    SvarSlett
  3. Språket er på ein merkeleg måte både gamalmodig og moderne. Eg likar godt skrivestilen hans.

    SvarSlett