fredag 28. mars 2014

Bok 25 2014: "Hvit panter" av Øystein Wiik

Dei fleste i min generasjon vil hugse Øystein Wiik som ein kjend og dyktig songar som var mykje å sjå på tv på 1980-talet. Han har sidan 2010 gjeve ut fire kriminalromanar, og "Hvit panter" er den tredje av dei.

Handlinga dreier seg om ein noko spesiell overklassefamilie, der det skjer eit makabert mord. Parallelt handlar romanen om eit skip som vert kapra av piratar. Meir skal eg ikkje røpe av innhaldet, berre seie at det er ei spennande bok med karakterar det er lett å feste seg ved. Øystein Wiik skriv godt med artige vendingar og metaforar. Han les lydboka sjølv, og det på ein glimrande måte. Som vanleg miste eg noko av interessa undervegs, i alle fall for den delen som handla om skipskapringa, men eg likte romanen så godt at eg truleg kjem til å lese fleire bøker av forfattaren.

1 kommentar:

  1. Eg har lese tre av bøkene hans, og dette er den MINST fantasifulle. Dei andre er "verre", så gled deg. Dette er god underhaldning. Eg er veldig svak for metaforane som er nye og originale. Og for stemmen hans.

    SvarSlett