torsdag 3. april 2014

Lille Eyolf

Det er mange gode tema i Ibsens drama, og "Lille Eyolf" er ikkje noko unntak. På overflata handlar stykket om eit ektepar som har ein handikappa son som døyr, og om korleis dei taklar desse vanskane i liva sine og i samlivet dei imellom. I tillegg kan ein sjå fleire element som stengjer og øydelegg forholdet deira, som til dømes mannens nære forhold til systera og kvinnas djupe sjalusi. I botnen av det heile kan ein undre på om mannen nokon gong har elska kvinna, eller om han har hatt vikarierande motiv for å vere saman med henne.

Ikkje noko lystspel, akkurat, men eit stykke som gir rom for ettertanke og fleire moglege tolkingar. Ibsen på sitt beste, med andre ord, og ei svært god framsyning av Teatret Vårt. Dessverre var salen ikkje halvfull, eingong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar