torsdag 10. april 2014

På gjengrodde stier




Måndag kom eg heim og var nettlaus. Tysdag var eg i Molde på kurs, og kom heim att til nettlaust hus. Då fridagen òg starta utan internett, var eg i ferd med å bli desperat. Det er utruleg kor avhengige ein blir, og kor mykje tid ein løyver når ein ikkje får sjekka mail, blogg, facebook eller sett film.

Fridagen vart såleis svært effektiv på andre vis. Vi gjekk ein lang tur, der vi prøvde å finne att nokre gamle vegar som har grodd att med småkratt. Dermed fekk vi sett gamle, fråflytta hus på stader som ikkje syner så godt frå bilvegen.

Vel heime braut vi ei lov eller to. Det er så mykje daudt gras i hagen, og freistinga vart stor - noko brannfaren ikkje var. Hageslangen låg klar, men det var utruleg nok vanskeleg å få graset til å brenne. Det vart dessutan klipt og saga ein del, men det er rikeleg arbeid att å fylle dagane med framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar