mandag 14. april 2014

Lærekøyring og shopping

I dag fekk ungane sove til dei vakna av naturlege årsaker, medan Gamla slappa av med ein tv-serie og noko anna småpjask. Etter frukost vart det tid for utflukt: vi måtte handle inn mat til påskeveka, og Storegut hadde fått bursdagspengar. I tillegg hadde han gledesstrålande med seg ein L heim til mor, så i dag måtte angsten ha vikeplikt for den gode saka. Dersom Storegut skal vere i stand til å ta seg av mor si når ho vert pleietrengande, må han ha sertifikat.


Guten kjøpte seg klede for pengane frå besteforeldra, noko de kan sjå på illustrasjonsbileta. Han kan forresten bli ein habil sjåfør med tida, så snart eg får lært han å kutte svingar og nokre andre mammatriks.

2 kommentarer:

  1. Gløym ikkje å lære han skjortestryking som ein del av dealen!

    SvarSlett
  2. Eg skreiv det på facebook, men får skrive det her og: Fin gut og fine kle!

    SvarSlett