søndag 6. april 2014

Bok 28 2014: "Rolf Jacobsen. En dikter og hans skygge" av Ove Røsbak

Eg skal ikkje påstå at det er naudsynt å lese to bøker når ein skal førebu ein norsktime, men denne veka har eg fordjupa meg i forfattaren eg skal jobbe med i morgon.

Røsbaks biografi er ei interessant bok som ikkje berre tek føre seg livet til diktaren Rolf Jacobsen, men som òg fortel ein del om okkupasjonsåra i Noreg og om korleis lyrikken til Jacobsen vart endra gjennom eit langt diktarliv.

Det som gjer Jacobsen så interessant, er den stadige skiftinga av standpunkt og livssyn. Han startar som nihilist og sosialist, men blir stadig meir skeptisk til Arbeidarpartiet etter kvart som krigen tek til. I 1940 søkjer han om medlemskap i NS, og får etter kvart ein god jobb som redaktør i ei avis, der han skriv glødande leiarartiklar til støtte for tyskarane. Etter krigen vart han straffa som landssvikar, og i løpet av 50-talet konverterer han til katolisismen og omtalar NS-fortida som eit feilgrep. Kona Petra støttar han i omskifta, og får endane til å møtast medan mannen sit i fangenskap og ho sjølv er aleine om ansvaret for dei to sønene.

Fortida i NS vart lite omtala då Jacobsen hadde sona ferdig, og det kom som eit sjokk for mange då det vart omtala i media rundt 1990. Det kan sjå ut som om ugjerningane hans var av ufarleg art, men det er likevel eit tankekors at Hamsun fekk eit meir sverta ettermæle. Røsbak hevdar imidlertid indirekte at nazifortida kan ha vore årsaka til at Jacobsen aldri fekk Nordisk råds litteraturpris, trass i at han var innstilt til prisen heile fire gonger.

2 kommentarer:

  1. Eg ser at eg veit altfor lite om denne forfattaren! Eg forstår du er fascinert når du går så grundig til verks!

    SvarSlett