fredag 16. januar 2015

Bok 5 2015: "Det dyrebare" av Linn Ullmann

Ullmann er ein dyktig forfattar, og når eg ser på lista over romanane hennar på wikipedia, viser det seg at eg har lese alle. Denne romanen er den nyaste boka hennar.

I romanen vert ulike menneskelagnader skildra, og synsvinkelen og tida skiftar ofte. Dette er ein fin måte å bygge opp spenninga på, for ein får etter kvart innsyn i kva som har skjedd og korleis det har påverka dei ulike menneska.

Sentralt i handlinga står ei kvinne som begynner å drikke etter tjue år utan alkohol. Vi får òg høyre om ei ung jente som vert funnen død i skogen, to år etter at ho forsvann. Her er ein forfattar med skrivesperre og ei ung jente med åtferdsvanskar, berre for å nemne noko.

Eg likte denne boka svært godt. Karakterane er tydelege og samansette, noko eg synest er det som ofte gjer ein roman god. Språket er òg ein av styrkane i boka. At komposisjonen er litt springande i tid gjer den litt meir komplisert enn den ville ha vore i kronologisk framstilling, og det sette eg pris på. Det skaper som nemnt spenning, og heilskapen kjem gradvis fram slik at ein sjølv kan trekke konklusjonane. Gisken Armand les dessutan veldig godt på lydboka, slik at innhaldet vert formidla intenst og gripande, utan at dette på nokon måte vert overdrive.

2 kommentarer:

  1. Denne boka vil eg gjerne lese. Viss du har lånt den her, kan eg overta den. Eg rippar og leverer på kort tid. Linn Ullmann er ein underkjent forfattar som får for lite merksend samanlikna med "kjendisforfattarane". Mannen hennar skriv også svært gode bøker. (Den boka eg kjøpte på Clas veit eg ikkje om eg gidder å lese ferdig).

    SvarSlett
  2. Eg og likte denne boka svært godt!

    SvarSlett