fredag 23. januar 2015

Bok 7 2015: "Hässelby" av Johan Harstad

Dette er ei merkeleg bok. Den grip fatt i barnebokfiguren Albert Åberg og fortel korleis han fekk det som ungdom og vaksen. Hässelby er ein svensk drabantby, og forfattaren tek føre seg drabantbylivet på godt og vondt. Albert blir dessutan send ut i verda, og mot slutten tek han eit slags oppgjer med seg sjølv.

Det kan godt hende eg høyrer om att den siste timen av lydboka ved eit seinare høve, for eg syntest ikkje eg fekk konsentrert meg godt nok. Uansett må eg seie eg har sansen for Harstad, og eg fekk same assosiasjon som ein bokmeldar som samanlikna boka med Hurakami. I tillegg er det rikeleg med assosiasjonar til andre litterære figurar, og verkemidla som skal vise at vi har med Albert og faren hans å gjere er ikkje overdrivne.

Eg likte boka svært godt. Den var akkurat så sær at eg vart nysgjerrig på den.

1 kommentar:

  1. Eg har ei kjensle av at eg har lese boka, men hugsar ingen ting. Ser berre for meg at nokon sit på eit fly på veg heim til Sverige.......

    SvarSlett