mandag 12. januar 2015

Om ytringsfridom og ømme tær

Det er ofte spennande å diskutere med ungdomar. Dei kan vere svært reflekterte og sjå saker frå ulike sider, spesielt viss ein utfordrar dei.

Siste vekas hendingar i Paris har sett sitt preg på dei fleste, og i dag fekk eg høve til å ta opp ytringsfridom som tema i to klasser i norsk. Eg brukte ulike utgangspunkt, men hadde mellom anna med bilete frå massedemonstrasjonane i Paris og ein artikkel frå desember om ein mann som var så lei seg fordi ein i eit radioprogram hadde gjort narr av menneske med Downs syndrom.

Kort oppsummert meiner ungdomane dette:
  • Ytringsfridom er bra, men ein skal ikkje gå inn for å krenke andre
  • Det må vere lov å seie ifrå dersom ein kjenner seg krenka
  • Offentlege personar må vere budde på å bli latterleggjorde og hetsa 
  • Det er viktig å utfordre grensene for kva som er akseptabelt å spøke med, for samfunnet er i endring
  • Det finst tabuemne, som til dømes 9/11, 22. juli og dødelege sjukdomar, som ikkje er greitt å spøke med i det offentlege rom
  • Ein kan snakke om mykje med gode vener og nær familie som ein ikkje synest er greitt i det offentlege rom, som til dømes spøking med sjukdom, personlege eigenskapar eller dumme ting ein har sagt 
Mannen som var lei seg fordi nokon spøka med Downs, meinte dei sikkert hadde ledd av usmakelege og krenkande vitsar sjølv, men så reagerte han då det var hans ømme tå som vart trakka på. Det siste er eg svært einig i: "du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv".

Ytringsfridom er naudsynt for at demokratiet skal oppretthaldast, men ein kan bruke den klokt.

2 kommentarer:

  1. Gode og reflekterte kommentarar frå lærar og elevar. Sjølv meiner eg at ein ikkje skal spøke med alt, og at ein må "beregne sitt publikum".

    SvarSlett
  2. Einig.
    Dei med Downs syndrom kan ikkje ta att sjølve. Eg reagerer alltid på dei som riv seg utover svake grupper.
    Elles vil alle lukka grupper ha sin humor ...

    SvarSlett