lørdag 10. januar 2015

Veggpryd 2

I dag har vi blant anna (ikkje så mykje anna, når sant skal seiast) rydda jula ut av stova og kjøkenet. Jentene fekk velje mellom rosa, oransje og turkis, og vi er hermed inne i ein turkis periode. Litt nettshopping vart det tid og høve til - fornying frydar som kjent.

I tillegg har vi hengt opp nokre fleire plakatar, blant anna har det kunstnariske biletet av Jim Morrison fått ein heidersplass. Det spør om eg blir noko overraska viss eg vaknar og ser rett inn i det småskumle blikket...

1 kommentar:

  1. Her er vi inne i ein rosa periode - sidane damene er i fleirtal... Eg får ofte lyst på lysegult og turkis på denne tida av året. Juli er rosa for meg.

    SvarSlett