onsdag 1. november 2017

Bok 82 2017: "Italienske sko" av Henning Mankell

Mankell vart først og fremst kjend for kriminalbøkene sine, som eg har lese dei fleste av - og likt. Denne boka er ikkje ei kriminalbok, men ei bok om einsemd, sjukdom, tilgjeving og sorg. Det høyrest dystert ut, og det er det for det meste òg, sjølv om boka òg gir ein del ettertanke. Grunntonen er melankolsk, slik emnet tilseier.

Ein mann lever aleine på ei øy. Han har tidlegare arbeidd som lege, men har slutta på grunn av ein grusom feil han har gjort i yrket sitt. Han blir oppsøkt av ei kvinne han har svike ein gong i fortida, og som aldri kom over det sviket. Spørsmålet er om det er mogleg å tilgi, og om det er mogleg å gå vidare i livet etter opprivande hendingar.

Eg likte boka godt, men den var noko dyster og melankolsk. Det er ikkje alltid ein er i modus for denslags.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese denne boka for mange år sidan, og eg meiner han skreiv eit framhald av historia, som eg også har lese.

    SvarSlett
  2. Ja, den har eg begynt på no. "Svenske gummistøvler".

    SvarSlett
  3. Det var det, ja. Eg er heilt håplaus når det gjeld å hugse titlar.

    SvarSlett