lørdag 28. april 2018

Bok 28 2018: "The Littlest Hitler" av Ryan Boudinot

Denne boka er ei samling av 13 noveller med varierande tematikk og realisme. Tittelen viser til den første novella, som handlar om ein gut som kler seg ut som Hitler på Halloween. Vi møter elles ungdomar i ei verd der det er tradisjon for at ungdomar har plikt til å drepe foreldra sine, ein familie som drep og et born, ein kameratgjeng som skal arbeide heile sommaren for å få råd til å reise på Dr Who-festival og fleire andre menneskelagnader. Ikkje alle novellene er like gode, og nokre er berre surrealistiske, men andre gir rom for ettertanke.

Om forfattaren har eg funne ut at han er frå Seattle, noko som ein kan finne spor av i nokre av novellene, og at dette var debutboka hans. Han er fødd i 1972, og han har arbeidd fleire år med sal av bøker i Amazon.

2 kommentarer:

  1. Hm - novellesamlinger er alltid spennende, men nokså vanskelige å lese synes jeg. Coveret synes jeg forøvrig ser veldig kult ut!

    SvarSlett
  2. Einig i at det er vanskeleg å lese som bok. Denne har eg hatt liggande i hanskerommet, og så har eg lese ei novelle når eg har sete i ferjekø/tatt ferja.

    SvarSlett