søndag 7. mars 2021

Restituering og strikking

Livet under Korona er noko stilleståande, men når ein i tillegg skadar seg, vert det i tillegg stillesitjande. Eg heldt meg heime frå jobb tre dagar denne veka, og torsdga og fredag gjekk eg på jobb. Eg kjende meg noko redusert og omtåka, men det gjekk no greitt. Eg har veldig kjekke elevar i år, og akkurat no held vi på med Irland i engelsk. Fredag hadde eine klassa fagdag, og då hadde vi først gruppearbeid om Irland, og deretter såg vi filmen "Angela's Ashes". Eg var passande kledd for dagen, synest eg. 


I fritida vert det ein del "bingewatching" - først og fremst nyhende og dokumentarar, men òg ein del drama. Eg sette i gang eit nytt strikkeprosjekt førre søndag, og biletet viser kor langt eg hadde kome laurdag kveld. Denne gongen strikkar eg til Eldstejenta, og med denne farten får eg kanskje ferdig genseren til påske. Ho har bursdag 23. mars, og ho kjem heim til påske, viss koronaen tillet det. Eg kosar meg med strikkinga, spesielt når eg kan høyre på islandske bøker attåt. Det er dessutan kjappare å strikke i den minste storleiken, som eg reknar med er rikeleg stor. Eg strikka Small til meg sjølv, og den er i alle fall stor nok til meg. Mønsteret går også raskare no når eg har forstått gangen i det heile, og neste gong skal eg strikke begge ermane ferdig før eg strikkar bol, som eg synest er det kjekkaste. No er eg ferdig med eitt erme, halvferdig med bolen og 3/4 ferdig med erme nummer 2. Planen er å strikke ferdig erme nummer 2 før eg held fram med bolen. Det kjekkaste er sjølvsagt mønsteret til slutt, men det tek òg mest tid. Armane mine toler strikkinga forbausande godt, så lenge eg kviler høgre alboge på armlenet. Eg ser fram til å vere meir fysisk aktiv, men håpar eg får fullført eit strikkeprosjekt til før sommaren.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar