søndag 21. mars 2021

Ny veke, nye prosjekt...

Det har visst blitt ein vane å blogge søndagane, som ei oppsummering av veka, så også i dag kjem ein liten tilstandsrapport. Måndag hadde vi heimeskule. Eg hadde trudd at smitten ville eksplodere, og at vi skulle ha heimeskule i mange dagar, men då eg hadde vore på butikken etter jobb og kom heim att, hadde elevar og lærarar fått melding om vanleg skule tysdag. Eg syntest det var litt skummelt, spesielt med tanke på at Minstemann var i karantene, så eg gjekk med munnbind mykje av dagen tysdag. Etter jobb stakk eg innom strikkebutikken for å kjøpe meir garn, i tilfelle eg brått kom i karantene. Onsdag deltok eg på ein konferanse digitalt, og då nytta eg høvet til å multitaske (lytte og strikke). Torsdag var det vanleg skule att, med noko rolegare stemning, sidan ingen nye smittetilfelle var rapportert på skulen. Fredag skulle vi eigentleg ha skidag/aktivitetsdag, men både elevar og lærarar fekk fri, noko eg synest var fornuftig.
Eg har undervist om Irland i det siste...


I fritida har eg lese, sett på seriar, gått tur med hunden og strikka. Laurdag vart eg ferdig med min tredje Riddari, så no har eg bursdagsgåve klar til Storegut. Tre genserar sidan eg begynte å strikke 5. februar - det er i overkant mykje, men eg har sete frykteleg mykje i ro desse vekene. Eg sende pakke til Eldstejenta på onsdag, og laurdag fekk ho den. Eg hadde lagt litt påskesnop i pakken òg, og det kan no vere ei lita trøyst for henne som ikkje ser seg syn med å kome heim til påske. Ho er i praksis på ein skule i Nordre Follo og bur i Oslo sentrum, så det er ein viss risiko med det. Eg håpar ho hadde ein litt betre dag på grunn av pakken eg sende, og eg ser veldig fram til at ho kjem heim i sommarferien.
Ho fine i Oslo


Det er nesten uråd å skaffe Lettlopigarn no, noko som er irriterande, i og med at eg har eit par mønster eg har lyst til å prøve ut. I desperasjon testar eg ei oppskrift med eit heilt annleis garn. Den neste av borna som skal få genser er Veslejenta, og då hadde eg tenkt å strikke i Alafosslopi. Eg testar ut oppskrifta i garnet Blåne, så får vi sjå korleis det fyk av seg (mønsteret heiter "Føyka", så her var eit lite ordspel). Førebels ser genseren så liten ut at det spørs om Veslejenta får ta til takke med den, men det spørs om mammas fargeval fell i smak. Eg vel fargar etter innfallsmetode og humør, og denne gongen tok det litt av. De får vente i spaning...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar