onsdag 23. juli 2025

22. juli

Så er det den datoen igjen. Tankane går attende til det som skjedde  22. juli 2011, som eg har lese så mykje om, sett dokumentarar, serie og filmar og som eg underviser om på ulikt vis kvart år i ein eller annan samanheng. Tankane går også til notida, til dei som overlevde og dei som miste nokon. I år las eg ein god artikkel om dei overlevande som no sit i regjering. Det er alltid ein fare for at nokon synest fokuset er usmakeleg i valår, men som ein sa det: det er val annankvart år, og 22. juli kjem kvart år. Det er viktig å minnast, og eg synest det er flott med dei regjeringsmedlammane som fortel si historie. Det gir håp om at ein kan leve med trauma sine.

Min eigen 22-juli- tradisjon er å plane ei rose i hagen min. I år vart det ei raud av typen "Minha". Ein får håpe den overlever i varmen og kan kome att neste år. Livet er skjørt og dyrebart.


Bok 11 2025: "Koke bjørn" av Mikael Niemi


Denne boka er både spennande og interessant, spesielt når ein i etterordet får høyre at Niemi var inspirert av Lars Levi Læstadius i portretteringa av prosten i forteljinga, og at han sjølv vaks opp like ved kyrkja der Læstadius hadde sitt virke. Prosten i forteljinga er fiktiv, og det er også sameguten Jussi. Desse to driv med parallelt detektivarbeid fordi den udugelege lensmannen ikkje gjer jobben sin skikkeleg då det skjer ulike brotsverk. Boka er såleis både ein kriminalroman og ei delvis historisk bok, der ein mellom anna får innsikt i dei stor vanskane alkoholen påførte folk. Kampen mot alkohol var i høg grad ein klassekamp og også ein slags opprørskamp for samane, og Kautokeinoopprøret blir nemnt i boka. Dette var ei bok eg likte veldig godt, sjølv om eg hadde forventa ein anna stiltone etter å ha lese andre bøker av forfattaren. 

Tur til Raudeberg, Refviksanden og Måløy

 Eg har lenge snakka med mamma om å reise ein tur til ytre strok. Foreldra mine budde på Raudeberg i tre år då dei var nygifte, og mamma jobba på skulen der. Begge søskena mine vart fødde i denne perioden, og dei er døypte i kyrkja på Raudeberg. Pappa hadde ulike jobbar i Måløy og på Raudeberg, og dei hadde ikkje bil. Måløybrua var heller ikkje bygd enno, så ein måtte ta ei ferje for å kome ut til Måløy og Raudeberg. 

Vêret har vore nesten plagsomt varmt i mange dagar, og denne dagen var det over 30 grader i Måløy- På Refviksanden var det mykje folk, og det var vindstille og varmt i sjøen. Eg lokka mamma til å vasse litt, berre for å ha gjort det. Ho hadde ikkje bada på Refviksanden sidan ho var gravid og skulle ha bror min, som vart 60 år sist haust. 

Vi var ikkje så mykje ute av bilen, berre ved kyrkja og på Refviksanden, men så for vi til Måløy for å gå på café. Det var ein del styr for å få parkert (eg er glødande motstandar av betalingsparkering, ikkje minst etter denne turen), så det enda med at eg sette av dei to andre og køyrde til ein parkeringsplass der det var mogleg å setje frå seg bilen og betale for seg på normalt vis. Eg hadde den aktuelle appen frå før, så eg kunne nok ha funne ein parkeringsplass nærare caféen, men som turist opplevde eg det heile som kaotisk.

Vi fekk nydeleg mat og god service på "Havfruen", som eg hadde søkt opp på nett på førehand. Etterpå spurte eg om det var stemning for å sjå meir, men det var i grunnen nok aktivitet i varmen. Inne i bilen hadde vi aircondition på heile tida, så det var den mest behagelege plassen å vere- 

Alle var samde om at det var ein kjekk tur - eller som vi plar seie i min familie: "så gjekk no den stunda". 

Tre generasjonar på tur

Mamma og eg åt denne salaten med reker






lørdag 19. juli 2025

Selja kloster

Eg har i fleire år snakka om at ein skulle ha tatt seg ein tur til Selja kloster, og med den hetebølga vi har no vart det freistande med ein båttur i havgapet. Eg trur dei må ha endra båttidene, for dei var veeldig humane for oss som ikkje er morgonfuglar. Ein må beregne tid til 1 1/2 time køyring òg, så då var det greitt å ta båden som gjekk 13.15. Turen varer i to timar inklusiv båtturen ut, guiding ved klosteret, tid til å utforske på eiga hand og båtturen heim. Ein kunne velje å gå ein sti rundt øya, men det var langt mindre interessant enn å vere ved klosteret. Vi fekk høyre legenden om St Sunniva, den irske prinsessa som flykta for å sleppe å gifte seg med ein norsk heidning, og etterpå kunne ein gå opp trappa til hola der ho og følgjet hennar gøymde seg. Det er framleis ei kyrkje inst i hola. Guiden avslutta opphaldet i klosteret med å synge ein salme inne i tårnet på klosteret.









Av og til er kortreiste opplevingar overraskande kjekke, og dette var ei slik oppleving. Skodda låg tjukk då vi kom til Selje, men ute på Selja kom sola gjennom akkurat då guiden begynte på legenda om Sunniva. Det var svært stemningsfullt! Turen kan absolutt anbefalast, og billettar kan kjøpast på nett på førehand.

Brundalen revisited


Eldstejenta kom og var her nokre dagar, og sidan det var nydeleg vêr gjekk vi oss ein tur i Brundalen. Der bada jentene med dei to unghundane, for Charlie fekk vere att heime. Eg vassa ein del, og vatnet var veldig lunka. Brundalen og setrevatnet der var barndomen deira sitt paradis, og det er noko heilt spesielt med staden. 

Bok 10 2025: "Den gylne tigeren" av Hanne Eik


Ei ung kvinne lever eit luksuriøst liv i Singapore, der mannen har ein godt betalt jobb. Den same ektemannen er notorisk utro, så hushjelpa deira er no gravid. Hovudpersonen får nok av det heile, og etter ei tid hamnar ho blant dei innfødde i jungelen og blir forfølgd av ein gylden tiger. I møtet med dei innfødde møter ho alternative livssyn og verdiar, og konklusjonen etter kvart er at det enkle livet til dei innfødde har noko å lære meir moderne menneske, men kulturen deira kjem òg til kort, til dømes når det gjeld medisin. 

Boka var interessant å lese, men slutten vart litt heseblesande og føreseieleg.

fredag 11. juli 2025

Bok 9 2025: "fvonk" av Erlend Loe


Erlend Loe er ein av mine yndlingsforfattarar, sjølv om eg ikkje synest alle bøkene hans er like gode. På sitt beste skriv han ustyrteleg morosamt, men med ein alvorleg undertone. Fleire av bøkene hans handlar om den moderne mannsrolla, eller om meininga med livet, rett og slett. "Fvonk" er namnet til ein mann som er sjukmeld på grunn av problem med jobben. Han har vore vitne til økonomisk "ukultur", og han har heller ikkje noko godt forhold til menneska i livet sitt. Brått ein dag dukkar det opp ein uventa hybelbuar i livet hans, og det viser seg at han heiter Jens og er statsminister.

Boka inneheld mykje tull og tøys, men djupast sett handlar det også denne gongen om meininga med livet, eller korleis ein skal takle livet sitt. Det handlar òg om einsemd og behovet for å ha ein god ven som let ein vere den ein er, ikkje berre i den offisielle rolla ein har, men den ein er som person. 

Bok 8 2025; " Kompani Linge - med døden som følgesvenn" av Christopher Hals Gylseth


Når ein først les ei bok om krigen, dukkar det fort opp andre som algoritmane tenkjer vil passe for ein. Denne gongen var det ei bok om Kompani Linge, og nokre av dei som var med og dei aksjonane dei var med på. Boka er skriven på ein måte som gjer den spennande å lese, men den tek òg tydeleg side og problematiserer lite. Nytt for meg var nokre av dei intrigane som pågjekk innanfor motstandsrørsla, mellom Milorg og Kompani Linge. Elles fekk eg lyst til å sjå meir dokumentarstoff på film, då det kan vere vanskeleg å sjå føre seg ein del av det som vert skildra i boka.

Bok 7 2025: "Møllergata 19 - Gestapos fengsel" av Vegard Sæther


Tittelen på boka seier vel sitt denne gongen. Boka handlar om ulike fangar og deira opphald i det berykta Gestapofengselet, men òg om dei som jobba der og korleis kvardagen var for fangane. Om lag 7000 nordmenn var innom fengselet som fangar, og mange av dei vart mishandla og drepne. Det er inga hyggeleg bok å lese, men denne gongen var eg ute etter å lære noko, ikkje kose meg. 

Bok 6 2025: "Vargskinnet - Skrapelodd" av Kerstin Ekman


Trilogien om vargskinnet vert avslutta med forteljinga om presten Ingefrid, som kjem til Svartvattnet for å finne ut meir om forfedrane sine, og for å ta seg ein pause i sitt eige liv. Forteljaren Risten har no blitt gamal, slik ho for så vidt har vore som forteljar i dei to første bøkene òg, og ein kan sjå at Svartvattnet meir enn nokon gong har blitt ein utkant. 

Bøkene er gode, det er ingen tvil om det, men eg hadde forventa meir av den siste boka enn det som kom. Eg likte dessutan best den førsta boka, fordi den skildra jordmorgjerninga på ein så god måte.

Bok 5 2025: "Vargskinnet - Morgen kommer" av Kerstin Ekman


Den andre boka i trilogien handlar mest om Myrten, som er dottera til Hillevi. Ho reiser frå Svartvattnet til Stockholm og opplever der noko som blir ein stor løyndom i livet hennar. Handlinga er lagd til andre verdskrig, så det skjer dramatiske ting på fleire stader, sjølv om Sverige ikkje var aktivt med. Det er også ein annan person som er viktig i handlinga, og som flyktar frå Svartvattnet til Noreg, for så å reise rundt i Europa. Som lesar ventar ein på at alle skal møtast.

Bok 4 2025: "Vargskinnet - Guds barmhjertighet" av Kerstin Ekman

 


Denne boka las eg for mange år sidan, og då eg for ei tid sidan fann den i ei bokhylle, tenkte eg at eg kunne leite etter serien på Storytel. Eg hadde nemleg berre lese denne første boka i serien, og eg hugsa ikkje stort anna enn at eg likte den. Ein av grunnane var at den var frå #gamle dagar", i eit for meg ukjent miljø. Forteljarstemma er Risten, som fortel om då fostermora Hillevi kom til Svartvattnet i Jämtland for å arbeide som jordmor i 1916. Boka er veldig interessant, både når det gjeld forteljemåte og skildringa av arbeidet som Hillevi må utføre. Det er ei bryting mellom det gamle og tradisjonelle på den eine sida, og den moderne og skulerte jordmora på den andre. 

Bok 3 2025: "De uverdige" av Roy Jacobsen


handlar oftast om vaksne sin innsats, men i denne boka skildrar forfattaren ein flokk ungdomar på austkanten i Oslo og deira kamp for tilveret. Den består mykje i å stele, svindle og forfalske, og det er ei spennande og litt annleis bok om korleis det kan vere å leve i ekstreme situasjonar.

tirsdag 8. juli 2025

Tur til Oslo og Stockholm

I år ville vi ha ein roleg ferietur med byopplevingar, og valet fall på Stockholm. Bladfyken hadde vore der før, og eg hadde vore i utkanten av byen på ei hundeutstilling ein gong i tida. Ingen av oss hadde verkeleg utforska byen. Etter ein del vurdering fann vi ut at vi ville ta tog frå Otta til Oslo, bli der eit par netter og deretter reise vidare. På Otta kan ein parkere gratis nokre få meter frå stasjonen, og vi kom i god tid såpass vi tok oss ein matpause før vi sette oss på toget. Det var verkeleg avslappande, då ingen masa om å sjå billettar eller om at vi måtte kjøpe noko, så vi fekk roe oss skikkeleg ned med bok, strikking og søvn, alt ettersom.

I Oslo hadde vi bestilt to netter på Plaza, som ligg rett utanfor Oslo S. Ekstremt praktisk, og ikkje så dyrt som ein kunne frykte. Rommet var fint og stort, så vi hadde ingenting å klage på. Det vart ikkje til at vi testa badebassenget på hotellet, fordi vi ikkje ville drage med oss vått badetøy vidare på reisa, og eg visste ikkje at der var basseng før vi kom. 



Då vi kom fram, kontakta eg Eldstejenta, som tok med seg venninna og møtte oss til middag på Balthazar, i bakgarden til domkyrkja. Eg var der i fjor då eg besøkte Eldstejenta, og eg syntest liksom vi fekk sydenstemning der. Etterpå vart jentene med oss til hotellet og baren i toppetasjen. Der var smekkfullt, men Eldstejenta hadde ringt ei venninne som jobbar der og fått henne til å reservere bord til oss. Det var veldig hyggeleg!




Neste dag gjekk Bladfyken og eg på museum. Han hadde ikkje verken sett det nye nasjonalmuseet eller det nye Munchmuseet, og det var mykje av grunnen til at vi tok oss ein dag i Oslo. Middagen tok vi på ein italiensk restaurant like ved Munchmuseet, og då var det kort veg attende til hotellet etterpå.

Dag tre tok vi tog til Stockholm, og der låg vi på eit Radissonhotell like ved sidan av sentralstasjonen der. Det var tydelegvis eit litt skumlare strøk, men der stod drosjer parkerte til ei kvar tid, og det kjendest litt trygt. Vi kom fram tidleg kveld, og etter å ha fått tinga våre på plass, gjekk vi til Gamla Stan, der vi sightsa litt og åt middag på caféen "Kaffekoppen" i det berømte raude huset på torget. Bladfyken sette att sekken sin der, men fekk den attende neste dag. Det var nesten eit under, spesielt sidan han hadde lagt ei lommebok med kontantar i sekken. Gamla Stan vart den staden vi tilbragte mest tid i, for der var veldig triveleg med fine gamle hus og smale gater. 






Dag fire for vi til Wasamuseet og såg det gamle skipet som vart berga opp av vatnet 333 år etter at det forliste. Skipet var eit imponerande syn. Etterpå skulle vi eigentleg på Abbamuseet, men der var lang ventetid. Systa hadde sendt meg melding om at dei var i Gamla Stan, og vi tok båten dit og møtte dei til bursdagsfeiring på ein liten café i Vesterlånggatan. Vi gjekk opp på torget saman med dei òg, før dei skulle reise attende til Uppsala. Vi skulle handle litt souvenirar og liknande, så vi vart verande litt lenger. Då begynte det å blåse kraftig, og det var nesten strabasiøst å kome seg over bruene heim til hotellet. Vel framme stakk eg i badebassenget. Vatnet der var ikkje så varmt, men eg kunne òg ta boblebadi varmt vatn og "bara bada bastu". Denne kvelden hadde eg anlegget for meg sjølv mykje av tida, og det var veldig deilig. Bassenget var lite, men der var veldig reint og fint. Etter badet spiste vi middag på ein thairestaurant like ved hotellet.









Dag fem for vi tidleg til Abbamuseet for å unngå kø. Det var eit morosamt museum med mykje musikk og film, blant anna. Museumsbutikken var ein skuffelse, men noko skal ein ha å klage på. I fjor var vi på Beatlesmuseum, og heile Liverpool var full av "merch". Etter Abbamuseet gjekk vi til Skansen, der vi tilbragte det meste av dagen. Der var utruleg mykje å sjå, både gamle hus, rosehage med statue av Linné, dyrehage, musikalshow med meir. Vi rusla roleg rundt og såg på det meste, og til slutt enda vi opp på ein café der vi skulle bestille rekesmørgås, men dei var utselde. Elles var det ein veldig kjekk dag.




















Dag seks hadde vi tenkt å leige bil og køyre oss ein tur ut av byen, men vi enda opp med å gå på Nordiska Museet, som var eit veldig flott museum. Der var møblar, dekketøy, klede, kunst, kvardagsting og liknande frå ulike periodar, slik det plar vere på museum, men der var òg forteljingar om einskildmenneske som ein kunne høyre på. I tillegg var det eit flott bygg. Då vi kom ut, hadde det begynt å regne. Vi hadde tenkt å ta eit båtcruise viss vêret tillet det, men det gjorde det altså ikkje. Vi tok eit minicruise over med båten til Gamla Stan ein siste gong, rusla litt i gatene og fann ein café der eg endeleg fekk meg ein rekesmørgås. Vel heime på hotellet gjekk eg i bassenget att, sidan eg allereie var gjennomvåt.








Dag sju sjekka vi ut og gjekk rundt hjørnet til sentralstasjonen. Det var ingen problem med togturen denne gongen heller, og vi fekk oss ein pause på Oslo S såpass vi fekk oss middag og kaffi før vi reiste vidare til Otta. Der stod bilen og venta. Klokka var då 21.30, og vi hadde ein del problem med å halde oss vakne på turen heim. Det vart nokre pausar med frisk luft og cola, og til slutt var vi trygt heime.

Begge var samde om at det hadde vore ein kjekk tur, at det er fint å reise med tog og at Oslo Plaza skal vere favoritthotellet i Oslo framover (eg reknar med at ein skal dit igjen). Høgdepunkta i Stockholm meiner eg var Gamla Stan, Nordiska museet og Skansen, og så var det kjekt med den skyssbåten, som var omtrent som "Sundbåtan" i Kristiansund.