Sidan eg hadde lese ei bok om dei reisande, fekk eg lyst til å lese om romfolk òg. Denne boka er svært interessant og godt skrive, med vekt på historiske periodar som til døme andre verdskrig. Manglande vilje i fleire land til å gi romfolk statsborgarskap førte mange romfolk til nazistiske konsentrasjonsleirar, og fleire miste livet der. Eg er langt over middels interessert i andre verdskrig, så dette syntest eg var ekstra interessant.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar