Tittelen seier noko om hovudpersonen i romanen, og omslagsbiletet viser at det er tale om jødar under andre vedskrig. Forfattaren er sjølv arkitekt, og han ønskte å skrive ein roman der ein arkitekt hadde ei viktig rolle. I denne boka teiknar hovudpersonen moglege gøymestader i hus, slik at jødar skal kunne gøyme seg der under razzia. Det går ikkje alltid bra, og noko av spenninga ligg i at fleire av bipersonane har tvilsame motiv. Boka er spennande, sjølv om eg likar best dokumentarstoff om andre verdskrig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar