Eg høyrde nyleg Erlend Loe snakke på dei nynorske festspela saman med Tore Renberg, og dei to er begge blant mine favorittforfattarar. Eg plar seie at eg har kalla opp sonen min etter Erlend Loe, noko som kanskje ikkje er heilt sant, men kanskje delvis.
På veg heim frå Solund er der ei vegstrekning som akkurat var lang nok til å høyre ei lita bok på bilturen, og då valde vi denne boka, lese av forfattaren sjølv - noko som er halve opplevinga. Som vanleg skriv Loe morosamt med eit underliggande alvor, og det er den viktigaste grunnen til at eg likar bøkene hans så godt. Den dødssjuke hovudpersonen fortel sonen sin om familiehistorie, og mesteparten av historia handlar om hatet mot nabofamilien. Dette høyrest ikkje morosamt ut, kan hende, men i Erlend Loe sitt univers blir det tragiske ispedd morosame vendingar og sprø innfall, så heilskapen blir ei artig og tankevekkjande leseoppleving.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar