Renberg er ein av mine absolutte favorittar blant norske forfattarar, og etter å ha høyrt han snakke på dei nynorske festspela, fann eg denne boka, som eg enno ikkje hadde lese. Den er både gripande og tankevekkjande, og dei tre bøkene i nynorsktrilogien til Renberg har noko vemodig ved seg som er vanskeleg å definere. Hovudpersonen i denne boka er ein eg-person som ein kan sjå oppfører seg på ein måte som støyter andre frå seg. Han manglar sjølvinnsikt, men vi les det mellom linjene, nesten som i Ellingbøkene til Ambjørnsen, berre utan humor.
Storytel: Lorden er ein oppslukande og urovekkjande roman, mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med Tollak til Ingeborg og Du er så lys dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn.
Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige.
Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar