onsdag 15. juli 2015

Kjapp og klissete sjokoladekake

Botn:
2 store egg
150 g smelta smør
3 dl sukker
4 ss kakao
3 ts vaniljesukker
1,5 dl hvetemel

Bland ingrediensane i miksar, steik i smurt form (22 cm) i 15 minutt, 225 grader

Glasur:
100 g kokesjokolade
2 ss kremfløyte

Kok opp fløyten og la sjokoladen løyse seg opp, tøm over varm/lunka kakebotn

Viss ein likar klissete, saftige sjokoladekaker, kan ein servere denne lunka. Den kan òg serverast kjøleskapskald dersom det vert altfor klissete.
Eg laga kaka direkte i smurt "bake it easy"-form. Litt av røra lak ut, elles var dette utruleg lettvint.

2 kommentarer:

  1. Utan glasur er den veldig lik Gunda si raskaste sjokoladekake. Alltid like populær på skuleavslutningar og anna! Med glasur går den kanskje endå raskare unna!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, her går det med ei per måltid. Ein klatt is/krem eller liknande og nokre bær ville ha gjort kaka litt friskare.

      Slett