tirsdag 7. juli 2015

Nostalgi og kakebaking

Mattradisjonar er eit interessant fenomen. Dei fleste familiar har sine eigne tradisjonar, og desse går gjerne i fasar og er knytt til særskilde høve. Jula er sjølvsagt den feiringa det knyter seg mest fastspikra tradisjonar til, men det finst andre høve òg.

På bursdagane mine i oppveksten kan eg hugse at vi åt muffins, og gjerne bollar med pålegg. I tillegg fanst det nokre kakefavorittar. Kakene på den tida var relativt enkle når det gjaldt ingrediensar, men dei smakte sjølvsagt fantastisk.

I dag har eg leita fram den handskrivne oppskriftsboka som eg fekk av systera mi til jul i 1980 (eg var 12 og ho 17). I den står nokre av favoritt-oppskriftene frå barndomen min, blant anna den sjokoladekaka som vi i familien min kalla "Stein Inge-kake", oppattkalla etter eit søskenbarn som likte kaka spesielt godt. Eg trur ikkje eg har smakt den kaka på over 30 år, og eg tvilar på at ungane mine har smakt den. Det blir interessant å sjå om den slår an!





2 kommentarer:

  1. Eg trur eg laga den kaka til mamma sin 60-årsdag, i alle fall ein gong eg tenkte gutane på Eid skulle få smake den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan godt hende du gjorde - uansett var to av borna her ikkje fødde då... Kaka fall i smak, men sjølv syntest eg den var i overkant søt.

      Slett