lørdag 22. oktober 2016

Kunstutstilling i Ørsta: Ingeborg Lystad

88 år gamle Ingeborg Lystad er ei kvinne eg har kjent i over tretti år, og som eg har stor sans for både som menneske og kunstnar. Ho arbeidde i mange år som fotograf, først saman med mannen Olav, og deretter saman med to av borna sine på Fotograf Lystad A/S, som var eit kombinert fotoatelier og fotobutikk. No vert nokre av verka hennar utstilte i Ørsta, og i dag tok mine to yngste og eg oss ein tur dit. Der var mange flotte bilete i ulike teknikkar, og for meg er det lett å sjå føre meg korleis Ingeborg har sete og kosa seg med dei ulike motiva og teknikkane. Veslejenta tok bilete med mobilen sin, berre så de skulle få eit visst inntrykk. Utstillinga kan anbefalast - også fotoutstillinga i andre etasje.









tirsdag 18. oktober 2016

Bok 84 2016: "Dei som flyktar og dei som blir" av Elena Ferrante



Forlaget skriv:

"I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.


Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre."


Eg likte betre dei to første bøkene i serien, men er sjølvsagt spent på korleis det går i den fjerde boka...

mandag 17. oktober 2016

Bok 83 2016: "Berlin - nederlaget 1945" av Antony Beevor

Denne bestseljaren fortel om slutten av andre verdskrig. Sentralt står dei siste dagane til kjende tyske politikarar, men òg om tallause valdtekter utførte av sovjetiske soldatar mot tyske kvinner. Eg sit att med kjensla av at Beevor bevegar seg noko inn i klisjéverda og bort frå reine fakta, men han har fått god krtikk for verka sine - ikkje minst for denne. Interessant er det uansett.

søndag 16. oktober 2016

Brundalen

Søndag gjekk vi tur frå Lisjedalen og opp til Brundalen, rundt vatnet og ned skogsvegen til geildalen, der vi gjekk over til Lisjedalen att. denne runda er ein av favoritt-turane mine i nærmiljøet, og det var nok ein nydeleg haustdag, sjølv om det skya over etter kvart.






Helgedalen i Vanylven

Laurdag la vi ut på ein lengre tur til Åheim i Vanylven. Vi køyrde framover mot Almklovdalen og gjekk derifrå til "Juvéldalen" ved Helgehornvatnet. Det var rett og slett ei fantastisk oppleving, der vi fekk sjå ymse sjeldne steinar og bergartar i naturreservatet, men òg slappe av i sola nede på ei lite strand ved vatnet. Ein nydeleg haustdag med opplevingar heilt utanom det vanlege!







Granatperiodotitt



fredag 14. oktober 2016

Bok 82 2016: "Jul på Hellesta 2" av Margit Söderholm

I del 2 følgjer vi dei same personane som i den første delen, den same jula. Det er framleis dei unge borna til Willog Carl som er i fokus. men òg andre lagnader blir skildra. Her er ei ung kvinne som har den ufordelaktige posisjonen "uforsørga dotter", og som dermed må sjå føre seg ei framtid som selskapsdame eller husjomfru. Denne kvinna ønskjer noko meir i livet, og bruker dei knepa ho kan for å kapre seg ein ektemann. Sjølv om dette er serielitteratur, noko eg vanlegvis ikkje les, synest eg det er tankevekkjande å sjå korleis kvinnene i overklassen måtte ta seg godt ut og oppføre seg på ein måte som gjorde dei tiltrekkande, for karrieren deira var basert på å gifte seg til ein posisjon i samfunnet. Når nokon møter nokon frå ei anna samfunnsklasse, er det umogleg å sjå føre seg at kjenslene skal sigre over konvensjonane. Eg kjem til å lese vidare.

onsdag 12. oktober 2016

Keipen (965 moh)

Etter to intense jobbdagar tok eg meg i dag fri og gjekk ein tur på fjellet. Det vart kortreist, men det er så utruleg fint  her no at det berre var fantastisk, sjølv om fjellet ligg rett bak huset. Turen til Keipen er ein favoritt-tur, i alle fall frå Heida og opp. Det var lett å gå, men glatt i nokre parti. Lufta og fargane var optimale, og det var vindstille og sola varma deilig. I skuggen var det berre tre grader i dag, men det gjekk fint an å gå berre i fleece ute.

Eg torer ikkje å gå bort for å hente boka på toppen


Ikkje alltid like lett å finne vatn

tirsdag 11. oktober 2016

Bok 81 2016: "Jul på Hellesta 1" av Margit Söderholm

Eg les vidare om familiane på tyrsta og Hellesta - denne gongen har dei to brørne Will og Carl blitt middelaldrande menn med store born, og handlinga dreiar seg mest om desse borna. Forvirringa blir stor fordi Will kallar eldstesonen sin Carl og Carl kallar ein av sønene sine Wilhelm, og her er to kusiner som heiter Charlotte og ei gamal og ei ung Sophie. Likevel klarte eg å henge såpass med i handlinga at eg syntest det var litt spennande å lese om overklassen i Sverige tidleg på 1800-talet.

søndag 9. oktober 2016

Takk for besøket!

Laurdag føremiddag reiste Eldstejenta og Venninna med bussen attende til Oslo-byen. Det har vore veldig kjekt å ha dei her nokre dagar, og sjølvsagt dumt at dei måtte fare ned att akkurat når vi fekk ferie. Vekene kjem til å g fort fram til jul - det er inga trøst for studentar som skal ha eksamen, men likevel greitt å tenkje på at vi snart møtest att.

lørdag 8. oktober 2016

Kongens nei


I dag tok eg med meg dei tre yngste på kino. Filmen har fått mange gode kritikkar, og det er ein god film, trass i ein del svake punkt. Nokre personar er noko fritt framstilte etter historia, og nokre forteljingar er lagt inn i filmen av ulike årsaker, som den vesle historia om den unge soldaten. Det var kanskje unødvendig å legge inn samtalen mellom konge og kronprins om kor dårleg hustru og mor dronning Maud hadde vore, sjølv om poenget var å få fram at Haakon var svært aleine i kongerolla. Vi likte filmen godt, uansett, og etterpå møtte vi Eldstejenta og Venninna på Marias, der dei laga nydeleg laurdagspizza til oss.

fredag 7. oktober 2016

Bok 80 2016: "Belgravia" av Julian Fellowes

I denne boka møter vi eit ungt par som er veldig forelska. Tid og stad er i Europa under Napoleonskrigen, og paret døyr begge kort tid etter. Vidare i boka har det gått mange år, og handlinga går føre seg i overklassemiljøet i London. Det viser seg at det tidlegare nemnde unge paret fekk ein son, som har vakse opp hos fosterforeldre. Spørsmålet vidare blir om han kan verte innlemma i dei to slektene.

Boka var underhaldande ei stund, men mot slutten vart den nesten keisam, etter min smak.

Galten/Sollidheida

Sett frå denne vinkelen, kan ein forstå stadnamnet "Galten"






Fredag etter jobb kom vi oss ut på ein liten fjelltur. Eldstejenta, Venninna, Minstemann og Charlie utgjorde turfølgjet saman med meg, og eg kan røpe at eg sjølv var i dårlegast form. Vêret er fantastisk for tida, og det var rett og slett varmt og vindstille, så vi hadde for mykje klede på oss.

tirsdag 4. oktober 2016

Bok 79 2016: "Fortidens skygge" av Margit Söderholm

Eg kasta meg like godt over den andre boka i Hellesta-serien når eg først var i gang. Her møter vi dei to brørne Carl og Wilhelm, som på ulikt vis sørgjer over tapet av mora (grevinna i bok nummer 1). Wilhelm lever eit liv med festar og moro, men etter kvart slår ekteskapet sprekker. Carl sørgjer unaturleg mykje, og har anfall av tungsinn og fortviling som tyder på at han ikkje er frisk.

Boka verkar noko meir lettvint skrive enn den første, men den er vanskeleg å legge frå seg. det er òg ein kvalitet ved ei bok, sjølv om slutten her vart veldig føreseieleg og klisjéfylt. Det blir spennande å sjå korleis serien utviklar seg.

søndag 2. oktober 2016

Bok 78 2016: "Grevinnen" av Margit Söderholm

Eg fekk for ei tid sidan anbefalt Hellesta-serien av Margit Söderholm i ein diskusjon i ei facebookgruppe, og bestilte straks dei første bøkene i serien på nettstaden til det lokale biblioteket, der eg er ein hyppig gjest. Allereie neste dag fekk eg sms om at bøkene kunne hentast. Då eg møtte opp på biblioteket, syntest bibliotekarane at det var litt rart at eg ville låne dei bøkene, som hadde lege i arkivet på biblioteket i nabobygda. Bøkene var visst svært populære for mange år sidan, men ikkje i nokon sjanger eg vanlegvis plar lese. Bibliotekarane hadde diskutert seg imellom kor vidt eg hadde tenkt å lese bøkene, eller om eg lånte dei til ein elev som skulle skrive oppgåve. 

Vel, no har eg kosa meg med "Grevinnen", den første boka i serien. Den handlar om ei jente på 16 år som blir gifta bort til ein mykje eldre mann, om kjærleik utanfor ekteskapet, om drap og sjukdom og ikkje minst om to søner med ulik far. Det er kanskje melodramatisk til tider, men i ein travel kvardag er det kjekt med nokre lettlesne, dramatiske bøker som rein underhaldning òg. Eg kjem i alle fall til å lese fleire bøker i serien!

Stigedalen

No når kyrne er vekk, er det kjekkare å gå med hund i beiteområda. Laurdag tok vi turen til Stigedalen, der vi fekk sjå Asbjørnhytta - ei grillhytte som er sett opp like framom Bakkesetra. Vi gjekk fram til enden av vegen, men det var for vått i graset til at vi orka å gå på anna enn veg. Elles undrar vi oss over dei skjemmande mastene som ikkje er fjerna enno, sjølv om det har kome opp såkalla "monstermaster" i området. Dei gamle mastene følgjer vegen, forbi alle hytter, og det hadde vore kjekt om dei vart tekne vekk snart.


Interiørbilete teke gjennom vindauge



Til høgre ligg den gamle saga. Idyllen vert noko øydelagd av mastene i området.