onsdag 18. mars 2009

Ariel tenner på Aliens



Fri-onsdagen min denne veka vart brukt til å reise på engelskkurs, og eg kom temmeleg begeistra heim etter å ha fått fagleg påfyll og ny giv. Eitt av temaa på kurset var "bruk av filmmediet i undervisninga", og dømet som var brukt var filmen "Signs" frå 2002. Det er eigentleg ikkje ein film etter min smak, men kurshaldaren plukka ut viktige scener som vi fekk studere svært nøye. Ho snakka dessutan ein del om apokalyptiske filmar som sjanger sett ut frå samfunnstilhøve i USA. Ei av mine litt sære interesser er science fiction-filmar sett ut frå eit historisk samfunnsperspektiv, og dette er noko av den same vinklinga. Noko av symbolbruken er overtydeleg, som at frykta for vesen frå andre planetar kan relaterast til frykta for terrorisme, men vi såg òg på kameravinklar, fargebruk, lydeffektar og anna som var svært interessant. "Nærlesing" av scener er kanskje ikkje så lett å få til i klasserommet, men sikkert lettare enn mykje anna vi styrer med i lærarkvardagen. Eg skal i alle fall prøve ut dette, for no er eg gira! Gjev det varer ut våren!

2 kommentarer:

  1. Eg har sett filmen, men det er liksom ikkje mi greie. Men så har eg heller ikkje kome på å analysere dei....
    Men vi må akseptere at elevar kan ha anna smak enn oss.

    SvarSlett
  2. Ikkje min favorittsjanger heller, men det er mykje som er interessant berre ein går djupt nok inn i det og har ei målretta tilnærming.

    SvarSlett