fredag 27. mars 2009

Skidag - eit frynsegode?

I går vart eg temmeleg stressa og sur då eg kom på jobb etter to årsmøtedagar i Ålesund og fekk meldinga om at vi skulle ha skidag i dag. Eg hadde planar om mykje anna når eg endeleg var attende hos elevane, men dei planane måtte raskt og brutalt forkastast. Sidan eg både er snarsint og langsur, og elles vanskeleg på alle måtar, vart det ein temmeleg amper dag.

Dessverre vart skia mine liggande på biltaket og kameraet i sekken heile dagen i dag, men eg håpar på at nokon tok bilete til skulens heimeside. Uansett: det var sol, skya over og vart himla kaldt. To kollegaer, ein hund og eg gjekk på beina innover turløypa, kosa oss og prata. Elevane hadde det kjekt og reiste heim med roser i kinna - eg trur vi lærarane som slappa av og prata fraus meir enn dei aktive ungdomane. Det er alltid kjekt å sjå dei utfalde seg i andre samanhengar enn i klasserommet, og humøret mitt er no attende i normalmodus.

Kanskje er det berre eit teikn på stigande alder når ein blir så gretne over endring i planane.

5 kommentarer:

  1. Det hjelper i alle fall ikkje å sure seg. Sjølv sat eg att med 6 jenter i dag medan gutane forsvann på helsestasjonen. Ein får trøyste seg med at seksualundervisninga er, ein må nok innrømme det, viktigare enn "Et dukkehjem" (Kor tid skal vi bli ferdig med det???)

    SvarSlett
  2. Er det det - eigentleg? Noras og Thorvalds ekteskapsproblem er evig aktuelle, dei!

    SvarSlett
  3. Er alltid glad når årets skidag er over, det er eit stort spenningsmoment om alt går bra. Vi har vore på Utvikfjellet i dag, og det var i kaldaste laget...Skulle ha vore der onsdag, men måtte vente på ein annan skule med omsyn til skitrekket. Sjølv gjekk eg "kort tur" med 7-åringar. Det gjekk relativt greitt.
    Ventar på tekstilane dine!
    Kan du hjelpe meg med eit uttrykk på engelsk: frem fra glemselen.

    SvarSlett
  4. Kjenner igjen frustrasjonane over at det skjer mykje ein ikkje er "herre" over, slik at ein må sette til side eigne(og viktigare?) planar.Men det er første gong eg har sett nokon innrømme at dei er BÅDE snarsinte og langsure.Eg kan gå så langt at eg innrømmer at eg var meir snarsint før, og meir langsur no.

    SvarSlett
  5. Kjem ikkje på noko godt idiom for "frem fra glemselen", anna enn 2a walk down memory lane"... Det blir nesten det same. Kanskje nokon andre der ute har eit betre forslag?

    SvarSlett