torsdag 2. september 2010

Andre frionsdag: lekser

Eg er eigentleg motstandar av lekser. Spesielt for dei små. Minstemann les godt både norsk og engelsk, han reknar som ein racer og gjer unna leksa på null komma svisj. Når han først har kome i gang, vel å merke. For det tek tid å motivere seg til å sitje inne med lekser når sola skin ute. Fridagen brukte han elles mest til å besøke naboguten og vere publikum på fotballbanen. Sjølv gjekk eg meg i tillegg ein lang tur i kveldinga før det vart min tur til å setje meg til med "lekser"...

PS: Laget til Storegut vann 15 - 3 over Haddal, medan "Veslejenta og gutta" ikkje var fullt så heldige med resultata på cupen, men gjorde ein strålande innsats.

10 kommentarer:

  1. Eg har alltid vore motstandar av lekser.Har ungane vore på skule og SFO heile dagen, fortener dei å ha fri. Men så er det slik då at ikkje alle får gjort så mykje i skuletida, og i alle høve kan det vere greitt at foreldra set seg litt inn i kva dei styrer med.
    Ikkje alle er like flinke som Minstemann.

    SvarSlett
  2. ....og no har dei innført obligatorisk leksehjelp frå 1.-4. klasse og då skal dei borna , som foreldra har bestemt skal vere med på dette, sitte inne ein time til rett etter siste time og få hjelp til å gjere lekser.... ( Obligatorisk at skulane gir tilbod om dette) Ein stakkars trøtt og svolten 6-7 åring skal få ein enda lenger dag.... På skulen mine born går på, startar dei rett og slett økta med mat... det nyttar ikkje noko anna. Det lærarane har erfart så langt( litt tidleg å konkludere) er at det ikkje er noko nytte i det for dei to minste klasse-stega, dei greier ikkje hjelpe dei tilstrekkeleg, og med det resultat at borna kjem heimatt og må til med leksene enda ein gong. Dei har gjordt feil oppgåve, misforstått, og leseleksa kan ikkje gjennomførast i det heile på skulen. Ein kan undre seg på kvifor dei ikkje kunne innføre dette for dei største klasse-stega i staden når dei først skal bruke pengar på det. Ein veit at det rundt om i heimane er ulik oppfølging av leksene, og at ein då kunne gi dei svakaste noko meir hjelp.Nokre av foreldra til dei som no er med på lekse-hjelpa synest dei misser kontrollen, og det har ikkje vore få kauler rundt om fordi borna ser seg ferdige med leksene. Mange meiner det har vorte meir arbeid for dei. ( Eg har born eldre enn 4. kl. Eg har ikkje erfart dette sjølv, men frustrasjonen kom tydeleg fram på møte denne veka) Randi

    SvarSlett
  3. Skuledagen er vel allereie utvida dei første åra. Det er kanskje uteleik desse borna treng først og fremst. Seinare er det vel noko som må øvast inn og øvast på heime, som gloser og leselekser.
    Som lærar i ungdomsskulen ser eg at mange elevar kunne vere meir effektive i timane. Ein unner ikkje dei leksefri ...
    Foreldra si oppgåve må først og fremst vere å vere positive og interesserte. Mykje leksehjelp heime kan lett bikke over til mas slik at alt vert eit ork.

    SvarSlett
  4. Lekser eller ikkje lekser, er eit evig tilbakevendande spørsmål. Dei minste barna vil trenge mykje leseøving den første tida, noko som er vanskelig å få til i skuletida, slik skulen har vore til denne tid.Elles brukte eg å premiere dei som jobba godt i timane med leksefri når dei var litt eldre.Arbeidet må no gjerast ein gong.Og jobbar dei godt i skuletida, skal dei ikkje nødvendigvis "straffast" med meir lekser.Alle elevane har vel ein arbeids-/lekseplan, så eg skjønar ikkje at der skal bli misforståingar om kva dei skal gjere av lekser.

    SvarSlett
  5. Det er desse stakkars små 1. og 2. kl elevane som ikkje forstår heilt kva dei skal gjere når dei sit på lekse-hjelpa.... vanskeleg å tyde planen når dei ikkje er lese-kyndige enda! Det skal ikkje brukast lærar-ressursar på dette, det verte på ein måte ein del av SFO, og det er assistentar derifrå som er leksehjelp. Det verte sikkert vanskeleg å få hjelpt alle nok, ein bør vel sitte saman med ein så liten elev når leksene skal gjerast. Randi

    SvarSlett
  6. Dei små har lange dagar og treng pause i form av uteleik, meiner no eg.

    SvarSlett
  7. Sjølvsagt skal dei små ha pause og uteleik og alt det-også i løpet av skuledagen. Skal dei gjere lekser på SFO, vil eg no tru at assistentane der greier å tyde lekseplanen.Eg tenkjer på t.d. framandspråklege elevar som ikkje kan rekne med å få så god hjelp heime.

    SvarSlett
  8. SFO vert drivne med x antal assistentar, det fungerer godt. Når ein då bli pålagt å hjelpe denne gjengen med lekser i staden for å legge til rette for leik ute eller inne, så kan tida bli knapp....Resultatet vart , der eg refererer frå, at mange av borna som ikkje spurde etter hjelp, og "greidde " seg sjølv, egentleg ikkje gjorde som dei skulle....Det var då mange foreldre meinte det vart ekstra arb. og mykje styr.... MEN...det er ikkje slik over alt nødvendigvis..... det fins naturlegvis fleire måtar å org dette på. Grunnen til at eg beg å skrive om det her, var å på peike at dagane for dei yngste har vorte alt for lange. R.

    SvarSlett
  9. Som lærar gir eg oftast elevane planar som dei kan bli ferdige med i timane viss dei er effektive, men som dei får som lekse dersom dei jobbar sakte. Dette rammar dei sløve og ukonsentrerte, men òg dei som har lærevanskar i større eller mindre grad. Som mor ser eg behovet for fritid og frileik som større enn behovet for fagleg læring. Ungane mine er med på mange organiserte fritidssyslar og har ikkje problem med skulefaga, og då ser eg ikkje det store behovet for å mase med lekser. Elevar med lærevanskar treng sjølvsagt hjelp, men eg har tru på effektiv nytting av skuletida. Meir av det ein ikkje meistrar er ikkje nødvendigvis av det gode.

    SvarSlett
  10. Eg er heilt samd i det Ariel skriv her. Eg trur det ville vere betre med meir hjelp i skuletimane slik at ALLE kunne ta fri når dei kom heim.
    Dagane for dei små blir lange, men viss ein del av fritidsaktivitetane kunne leggast inn i SFO-tida, vil det bli ein lette for mange.Det var det som var intensjonen då ein starta opp med denne ordninga.

    SvarSlett