fredag 19. april 2013

Fanklubb på UKM-turné

Storegut og bandet er på fylkesmønstring i UKM i helga, og nokre andre i familien skal stille som fanklubb på Sunndalsøra laurdag kveld. Seilet hotell i Molde er mellomstasjon, og vi kosar oss stort trass i ein del skjer i sjøen (noko som høver godt i desse omgjevnadene).

For det første: turen over Ørskogfjellet var ikkje særleg festleg. Det både regna, hagla og snødde, og eg hadde kjensla av å ligge fremst i ei kolonnekøyring.


For det andre: vi har ikkje tv på rommet. Etter ein del om og men vart det bestemt at vi skal flytte i morgon. Heldigvis fungerer internett, så eg har sett "Nytt på nytt" og ungane har netflix.

Sist, men aldeles ikkje minst: då vi kom, såg vi bandbussen til Lasse Stefanz stå utanfor. Hotellet er fylt opp av ihuga dansebandfans som hadde starta festen for lengst i 19-tida. Ein meir vulgær gjeng har eg sjeldan sett! Musikken er heller ikkje heilt etter min smak, og den når heilt opp til 6. etasje. Det blir sikkert betre med UKM i morgon!

3 kommentarer:

  1. Eg har til gode å vere på eit hotellrom utan TV! Kos dykk i morgon! Vi kryssar fingrane for Lommerosk!

    SvarSlett
  2. Har vore på hotellrom, blant anna i Molde, med veldig dårlig TV. Men utan???? Og dansebandmusikk er heller ikkje min favoritt. Synest forresten at Steffen snart bør ut av Idol.

    SvarSlett
  3. Her er ein flott flatskjerm på veggen, men ikkje råd å få bilete på.

    SvarSlett