fredag 19. desember 2008
Flyttesjau
Ved jobben min har vi hatt vår siste arbeidsdag før jul i dag, og det vart ei avslutning utanom det vanlege. Første to timane hadde vi avslutning med elevane, deretter gjekk vi i kyrkja. Til lunsj var alle tilsette og pensjonistane samla til smørbrød, kake og program. Så langt gjekk alt som normalt. Men så vart mange av oss att for å bere opp alt vi hadde på pultane nede til dei lekre, nye arbeidsromma oppe i den gamle naturfagavdelinga. Sjølv skal eg sitje på norskrommet, og pulten min er bakarst i ei krå der det er vindauge høgt oppe på veggen (nordvendt). Eg vart svært nøgd med den plasseringa, som vart bestemt på rettferdig vis med loddtrekking. I gangen utanfor får vi spreke møblar slik at vi kan "henge" litt utanom arbeidsøktene. Vi glæææær oss - men fryktar at vi kjem til å jobbe enda meir med så fine arbeidsplassar...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gratulerer med fine arbeidsplassar! Det går framover med lærarstanden sine arbeidsvilkår! No kjem du vel til å gå heile juleferien og glæ deg til å begynne igjen.
SvarSlettDet var no kanskje å ta hardt i...
SvarSlettFrisk farge på sofaen! Passar til alle årstider.
SvarSlett