mandag 15. desember 2008

Monday, Monday

I førre veke hadde eg tenkt at engelskførsteklassa mi skulle få ein del informasjon om julefeiring i USA og Storbritannia. No er denne klassa både livleg og kreativ, så i staden for å "tyte" (deira uttrykk for lærarstyrt undervisning) om stoffet, let eg dei gå i grupper og jobbe med kvar sine emne. Gruppearbeida munna ut i sju presentasjonar (bruk av dataverktøy er ekstremt viktig, veit de) om julemat, julesongar, juletradisjonar og Santa Claus. I dobbelttimen i dag kunne eg lene meg attende og berre vurdere presentasjonane deira, som var minst like gode som det eg sjølv hadde fått til.

I norsktimane til den andre førsteklassa mi las elevane i dag "Den lille Pige med svovlstikkerne" og såg Caprinofilmen "Den Standhaftige Tinnsoldat". På førehand hadde eg laga arbeidsoppgåver til tekstane, og elevane jobba iherdig med desse fram til oppsummeringa mot slutten av dagen. I oppsummeringa diskuterte vi kor vidt "Den lille Pige" fekk ein god slutt på livet og kor vidt den vesle stunda Tinnsoldaten og Danserinna fekk saman i kakkelomnen var verd å døy for. Så skildest vi ved å ønske kvarandre ei strålande jul og å minne kvarandre på å vere snille mot dei fattige.

2 kommentarer:

  1. Anar eg ein litt ironisk undertone eller er det berre innbilning? Det høyrdest i alle fall kjekt ut, og eg vart heilt rørt over omtanken for dei fattige.Når eg tenkjer på mi eiga gymnastid, så har i alle fall verda gått framover på somme felt. Ikkje berre litt, men MYKJE.

    SvarSlett
  2. Ironien skuldast i tilfelle førre måndags norsktime, der dei dramatiserte tre noveller om mobbing og forlet klasserommet i det vi alle lova å vere snille mot kvarandre...

    SvarSlett