søndag 21. desember 2008
Fjerde søndag i advent
Under mottoet "betre seint enn aldri" laga eg i dag julemanndeig. Gubben og tre barn stod for kjevling og utstikking av tradisjonelle "mann- og konekaker", men i tillegg også kattar, englar, ender, hestar og bearded colliar. I mellomtida laga eg deig til kokosmakronar, så ut på natta ein gong får vi fullført årets julebakst! Nummer 2 deltok ikkje i bakinga på grunn av sjukdom, og nokre av dykk er kanskje skarpsynte nok til å skimte han på sofaen i stova. Han var den einaste som ikkje vart sjuk av å opne julekalendar, så det er kanskje same sykja som slo til litt forseinka. No håpar vi berre på at vi - og alle andre - får vere friske i jula.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Vi ønskjer han god og rask betring.
SvarSlettHåper alle er friske lisjejulaftan!
Ja..
SvarSlettPå "bloggar"-lista di, har du berre:
"www.olla-blogg.blogspot.com" og ikkje "www.koseknain.blogspot.com
Det skal eg fikse straks!
SvarSlett