lørdag 13. desember 2008
Storebakkebakst
I dag for Gubben og Gamla på shopping på Eid medan ungane var heime og rydda romma sine m.m. ("m.m." innebar blant anna dataspel, er eg redd). Deretter reiste Gubben og Veslejenta (Nummer 3) til Ørsta på ballett medan dei hine ungane bakte lussekattar. I dag testa vi ut ferdig "bollemjøl" som berre skulle tilsetjast lunka vatn og gjær, og i tillegg litt safran sidan det var Luciadagen. Mjølet fungerte fint det, og lussekattane smakte fortreffeleg. Ungane tok seg av heile prosessen, bortsett frå etinga, der eg vart svært aktiv (elles sit eg for det meste og rettar, berre for å få sagt det). Eldstejenta tok seg av steiking, og måtte berre få ei lita innføring om etterheving for at bakinga skulle bli vellukka, medan Nummer 2 tok seg av humoren. Visste de til dømes at det går an å lage lussekattar som liknar på Hitler?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gjærbakst og kakemannar er gode formingsobjekt. Elles synest eg det er fint at ungane blir opplært til å jobbe i lag.Eg var nok ikkje så flink til slikt heime, vart vel lei av organisering av barn på jobben.Å bake småkaker åleine er ikkje kjekt.
SvarSlett