mandag 22. desember 2008

"mens vi venter..."


Nokon som hugsar reklamen "Skal vi itte heller ta en slik der Grandiosa"? Vi tok ein vri i dag, med tanke på all den gode og feite maten vi kjem til å stappe i oss dei følgjande dagane: pitabrød med "gresk" salat... Det smakte himmelsk og gjorde godt, sjølv om julestemninga uteblei.

I ein samtale på jobb for noko sidan, kom vi inn på dette med å glede seg til jul. Har ein nokolunde økonomi, kan ein ete pinnekjøt og syltaflesk året rundt, og småkaker har vi nesten ikkje lyst på eingong. Skiljet mellom jul og kvardag er såleis lite materielt sett, og det blir desto viktigare at vi fyller høgtida med noko anna. Etter ein travel haust er det til dømes fint å kunne tilbringe tid saman og slappe av med gode bøker og filmar, og kan hende ta ein skitur dersom vêret blir nokolunde i romjula. Kanskje blir det tid til nokre gode samtalar undervegs? Viss det blir keisamt, kan eg heller drage fram den siste stilbunken...

1 kommentar:

  1. I morgon vert det magert;-)
    d.v.s eg har innsett at ein ikkje greier alle måltida. Så det vert mager kjøtsuppe. Desserten derimot....

    SvarSlett