tirsdag 27. mai 2008

Hagen i dag




Den observante lesar vil sjå at tulipanbedet enda opp som meir "fargesprakande" enn først frykta. Eg er begeistra for kvite tulipanar, men i bedet har til dømes dei gule/raude større effekt. Elles så blømer løytnanshjerta, ein annan favoritt som passar godt i ein gammal hage.

Apropos gammal, så har vi ein syrin som må vere temmeleg gammal, og den òg blømer no. Rododendronane har derimot ikkje tatt av enno - dei er òg gamle, og så er dei av ein sein type, men dette er noko seinare enn normalt. Plenen er eit kapittel for seg, og så er det kantar som må klippast og ugras som må rykkast opp. Dessverre så er eg meir glad i å lese enn å luke.

4 kommentarer:

  1. EG TRUR EG MÅ HA KJØPT EI TULIPANBLANDING EG OGSÅ. I ALLE FALL HAR VI FÅTT EIN NY SORT. GANSKE FINE PÅ SIN MÅTE. NESTEN HEILT UTAN STILK OG SVÆRT FYLTE.EG TRUDDE FØRST DET VAR EIN MUTASJON SOM HADDE KOME TIL PÅ GRUNN AV SPRØYTING AV UGRAS, MEN DET ER DET IKKJE.GAMLE SYRINAR ER SÅ FINT, BERRE SYND AT DEI VISNAR SÅ FORT.

    SvarSlett
  2. Her blomstrar løytnandshjerte, studentknappar og ballblom. Slike blomster vi pynta med til din geburtsdag i gamle dagar!?

    SvarSlett
  3. Ja, eg har full kontroll på kva som plar blomstre på den tida, så dette er ein tidleg sesong (med unntak av mine treige rododendronar).

    SvarSlett
  4. Den Rhododendronen vi kjøpte i fjor skal til å blomstre no.Eg hadde gløymt kva farge det var på den, men den er mørkeraud.Skulle vore bort til Sissel no. Ho har minst 30 rhododendron i lilla og rosa.

    SvarSlett