I dag begynte bursdagen med gåver frå familien, og så hadde vi barneselskap med 17 gjester i tillegg til våre eigne i halv seks-tida. Eg hadde sjekka vermeldinga i god tid før selskapet, og det må seiast å vere perfekt selskapsver med lettskya opphaldsver og deilig temperatur. Vi grilla hamburgarar og pølser, og så hadde eg baka ein åttegodtekatt (tradisjon i heimen når nokon blir 8 år). I tillegg hadde vi snacks og meir brus enn frykta. Heldigvis hadde vi eit par kasser att frå konfirmasjonen så vi ingen trengde å reise tørste heim - eller drikke vatn.
Det er no ei fin tid å ha fødselsdag på når ein i tillegg er heldige med veret.Gratulerer ved vel overstått! Og lykke til med neste selskap. Så blir det vel ei pause?
Det er no ei fin tid å ha fødselsdag på når ein i tillegg er heldige med veret.Gratulerer ved vel overstått! Og lykke til med neste selskap. Så blir det vel ei pause?
SvarSlett