tirsdag 27. mai 2008

Shopaholic Takes Manhattan


Nokre bøker er pinleg lettlesne og enkle. Bok nummer 14 var ei slik, men alibiet er at eg las den på engelsk. Og at det var sol på plattingen. Og at Becky Bloomwood får meg til å føle meg fornuftig og økonomisk. Dette er altså del 2 av "Shopaholic"-serien, og den same boka har òg tittelen "Shopaholic Goes Abroad" av ein eller annan grunn (eg trur det har noko med UK og USA-versjonar å gjere). Bøkene minner om Bridget Jones-bøkene, men, som tittelen indikerer, legg forfattaren mykje vekt på det problematiske forholdet Becky har til shopping. Det er ufrivilleg engasjerande og humoristisk, og det passar godt med slikt lesestoff no når dagane på jobb er så fylte av snakk om streik og eksamen.

3 kommentarer:

  1. Såg ei lysrosa T-skjorte med stor svart skrift på Amfi i går. Der stod det:
    I admit it. I'm a shopaholic.(sånn omtrent)
    Ønsker du deg ei slik?
    Apropos T-skjorter så kjøpte eg ei ny, GUL T-skjorte til pappa hos Mariann i går.Han blei VELDIG glad for den!

    SvarSlett
  2. Eg plar seie at eg ikkje shoppar - eg HANDLAR. Med stor familie er det alltids noko som verkeleg trengst - i dag kjøpte eg joggeskor på tilbod til ein (som har gått i gore tex skor til no) og bikini til ei anna (+ meg sjølv). Elles hadde eg meg ein rask handlerunde i Ørsta før helga fordi eg mangla sommarklede. No gjenstår skor, og dei hadde mykje fint i sandalar no.

    SvarSlett
  3. Når Olaug og eg kjem heim frå ei handlerunde, får vi alltid spørsmålet "He dokke shoppa eller handla?". Målet på ein vellykka shoppingtur for oss er 6 plastnett!
    Fredag vart det berre 5, men Ok, 2 skopar i eit av dei.
    Sko handlar vi omtrent berre på Hareid. Skobutikken her er kjempebra!
    Det er ikkje få skopar ein familie på 6 treng i løpet av eitt år!

    SvarSlett