søndag 8. juni 2008

It's raining again


Så skya det plutseleg over, og no skal det visst regne fram til laurdag... Gubben kjørte meg opp i skogen så eg fekk lufte hundane og meg sjølv skikkeleg før den komande veka. Då blir det lite turgåing, er eg redd. Utfordringa er å få følgt opp alle fritidssyslar, gjere jobben sin og å stå opp endå tidlegare enn vanleg. Sjekk bakgrunnen på biletet, forresten: det er Keipen, ein gjengangar på hundebileta mine og eit anna turmål for sommaren. Som de ser er det framleis ein del snø att, så førebels tek eg det med ro.

2 kommentarer:

  1. Eg ser fram i ei femdagarsveke (sensor muntleg fredag) med innlagt to "avslutningar", og kor mange fotballkampar?
    No brakar det laus....

    SvarSlett
  2. Ja, kjøleskapet er fylt med pølser, for å seie det slik.

    SvarSlett