onsdag 4. juni 2008

Rapport frå ein fridag

Vermeldinga hadde allereie fortalt at dagen i dag skulle bli fantastisk, så det var berre å kle av seg og kome seg ut. Litt klesvask og plenklipping var alt eg orka av arbeid, og så var det ungar som ville bade og som skulle pyntast for å gå i selskap. Litt lesing og soling blei det tid til, sjølvsagt. i 15-tida sjekka eg mailen min, og såg til min store forskrekkelse at streiken var over. Det volda meg nokre kvaler, for eg måtte setje meg inn i saka, men så kan dagane bli meir normale att - håpar eg. I kveldinga reiste vi til skulen der tre av ungane våre går. Niande klasse hadde laga cabaret og heldt basar med kakesal, åresal og loddbok for å få inn meir pengar til Polentur til hausten. Vår håpefulle spelte fleire roller, men mest spennande var det då ho skulle synge solo. Ho er glad i å danse og spele piano, men synge solo har ho ikkje gjort før. No er også den terskelen trakka over, og det gjekk kjempefint! Temaet for cabareten var popmusikk gjennom tidene, og solonummeret hennar var Marilyn Monroe's "Diamonds are a girl's best friend". Eg hadde sjølvsagt med kamera - men tullete nok hadde eg lagt att minnebrikka heime, så eg har ingen illustrasjon av denne storhendelsen.

3 kommentarer:

  1. Skulle gjerne sett det MM-nummeret.Var det ingen andre som tok bilde heller?Har de forresten lese at Idol- Bjørn Johan har gitt ut plate der han syng duett med Marilyn Monroe. At ingen har kome på det før!!!

    SvarSlett
  2. Apropos bøker- eg trur eg må kjøpe den T-skjorta til deg likevel?

    SvarSlett
  3. Det kjem kanskje bilete på heimesida til skulen. Gubben tok bilete med mobilen sin.

    SvarSlett