mandag 23. juni 2008

Svoger 46


Eg har berre ein svoger, og han har i tillegg vore kollegaen min i fleire år i Ulsteinvik. Han er ein svært omgjengeleg og omsorgsfull kar som det er lett å like, og vi har mange felles interesser og syn - sjølv om vi var svært ulike i utgangspunktet. Åra gjer oss likare og likare, for å seie det slik! Det blir vel ei markering av diverse dagar i ferien, både av junibarn, julibarn og bryllaupsdagar, og i alle fall ein gong skal vi ha köttbullar og/eller falukorv. Gratulerer med overstått 46-årsdag, min eldste svoger. Helsing di yngste svigerinne.

1 kommentar:

  1. Ja, det er lite sprik i alder på barn og svigerbarn i Ørsta, berre 6 år. Barnebarna er det vel 19 år mellom den eldste og den yngste!

    SvarSlett