tirsdag 7. september 2010

Saudehornet 1309 moh

Eg har verdas beste jobb, som kjent. Ikkje alle får gå på fjellet midt i arbeidstida, til dømes. Målet for skuleturen måndag var anten Saudehornet eller Vallahornet, og eg gjekk for det lågaste og minst dramatiske alternativet. Med hjelp frå ein elev med meir pågangsmot og viljestyrke enn meg sjølv, vart eg lokka til å overvinne min påtrengande høgdeskrekk. Eg presterte å gå (og delvis krype) til toppen av Saudehornet! Litt av ei bragd for ei pingle som meg, berre for å understreke det. Eg torde ikkje sjå på utsikta, og bileta er det eleven som har teke. Etterpå gjekk vi om Vallahornet nedatt, såpass det vart to fjelltoppar på ein dag. Pappa hadde henta ungane på kaia og mamma serverte heimelaga kjøtkaker då eg kom ned, så eg kan innrømme at støtteapparatet er i orden.


Då eg la meg om kvelden, fekk eg nesten ikkje sove fordi eg såg føre meg stien til toppen kvar gong eg lata att augene.

2 kommentarer:

  1. I min litt sprekare ungdom var eg på Vallahornet eit par gonger. Det var meir enn nok for meg. Så eg, som også er plaga av høgdeskrekk, forstår kva bragd dette er. Eg må berre gratulere. Då eg gikk på lærarskulen for ca 50 år sidan, klatra vi ned Skarveura på Runde. Berre få år sidan mareritta om den turen tok slutt.Som ei lita trøst....
    Fine fjellbilde!

    SvarSlett
  2. Utruleg flotte bilde! Ein får vel med fleire fjell dess høgre ein klatrar ...
    Eg har aldri vore på Saudehornet. I morgon skal eg på Skolma berre baktroppen kjem seg dit ... Mykje kjekkare fjell på Hareidlandet enn i Ørsta. Har ein først kome opp i høgda, kan ein kome seg opp på fleire utan å gå så langt ned.

    SvarSlett