søndag 5. juni 2011

Familiefeiring på Hareid

Sidan niesa mi blir 14 i morgon, vart heile gjengen inviterte i familieselskap på Hareid i dag. Det vart ein nydeleg, solfylt dag, sjølv om temperaturen ikkje var særleg mykje å skryte av. På verandaen gjekk det fint an å sitje mellom måltida, så vi fekk nyte sola denne siste fridagen i langhelga. Systa serverte nydeleg svinesteik m.m., og til dessert hadde ho laga heimelaga is med bær til. Mamma hadde òg med ein dessert, og den døypte Minstemann "sånn inntørka greier med bær". Sjøl hadde eg teke med eit par kaker - dette er skikk og bruk i slekta, og eg spreier gjerne idéen vidare.

Biletet syner mine fire og dei to yngste Hareids-søskenbarna. Dei to store nevøane var òg heime.

1 kommentar:

  1. Eg føler trang til å forsvare meg. "Sånne inntørka greier" er marengs, også kalla pikekyss.

    SvarSlett