mandag 27. juni 2011

Harry Potter maraton

Første feriedag utan planar var ein typisk sunnmørsk sommardag: 15 grader, skodde, yr og knott. Jentene laga frokost og vart med meg på butikken, deretter begynte ungane på Harry Potter-filmane vi kjøpte i Oslo medan eg gjekk tur i knappe to timar, steikte pannekaker, bakte brød og vaska klede. Vêret innbyr til sløving inne, og vi kan tillate oss EIN slik dag no i starten av ferien.

2 kommentarer:

  1. Trur du treng NOKRE slike dagar for å roe ned-du kan ikkje køyre i 120 HEILE tida. Eg har sett den første Harry P filmen på kino ein gong i tida.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje vore fullt så sløv som ungane, då... Ikkje er eg så begeistra for dei filmane heller.

    SvarSlett