onsdag 8. juni 2011

Fri-onsdag med fotball

På vårens siste fri-onsdag før ferien skulle Minstemann og eg verkeleg feriere. Ingen tur, ikkje noko mas - berre litt lett jobbing (lesing i sola). Eg la meg ut då skodda letta, gjekk innatt då eg skulle lage middag og planla å legge meg ut att etter middag. Fin plan.

Å lage ein stabel pannekaker tek si tid, men eg hadde lova ungane at det skulle vere dagens middagsmeny. Eg kan hugse korleis det var å kome rett heim til ferdig middag etter skulen då eg gjekk på vidaregåande, og den kjensla vil eg gjerne at ungane mine skal oppleve når eg har fri til å lage middagen klar så tidleg.

Etter pannekakene var sjølvsagt sola vekk. Eg la meg ut ei stund berre på trass, og fekk sjølvsagt frosten i meg av same grunn. Det var berre å legge vekk bikinien att og leite fram sokkar og fleecejakke.

I kveldinga skulle Storegut på trening og Veslejenta spele kamp, og begge delar skjedde på same stadion. Minstemann fann nokre kompisar å sparke saman med medan eg var supportermamma på sidelinja. Det hjalp lite å heie, for stillinga vart til slutt 3 - 7 mot Hareid. Eit lite lyspunkt var det at Veslejenta scora eitt av måla. Vel heime gjekk eg ein tur på om lag ei mil, og kvelden var mild og fin med ein del sol. Den gjekk akkurat ned då eg kom heim, nærare klokka 22.00. Det er vakkert slike dagar, men eg hadde ikkje med kamera på tur. Ikkje på fotballkamp heller. Eg må visst skjerpe meg.

1 kommentar:

  1. Eg sette meg ut for å høyre lydbok. Då starta ørten grasklpperar på samme tid.

    SvarSlett