onsdag 31. august 2011

Skrukketrollemor

Tysdag kveld: Minstemann ville ikkje legge seg. Han hadde somna på sofaen om ettermiddagen, så søvnbehovet var ikkje all verda. Gamla, derimot, sat med tekopp og hyseblikk framfor tv-en og venta på å få ei lita stund aleine før ho la seg. Det såg mørkt ut.

Minstemann stilte seg så opp femten cm frå mora og såg på henne med granskande, lyseblått blikk.

Gamla: "Ka du ser på?"
Minstemann: "Ej ser ette om du he rynke"
Gamla: "He ej det, då?"
Minstemann: "Ja, du he sånne streka rundt augene, men mest når du smila. Og so he du ei her, og ei her (peikar)"
Gamla: "NO E DET LEGGETID"
Minstemann: "No he du ei i panna også, mylla augebryna"


3 kommentarer:

  1. Den guten er smartare enn prinsessa som ingen kunne målbinde.
    No blir det vel innkjøp av botox og restylen(_lan?)-og ka det no heite.

    SvarSlett
  2. Dei kan få sagt det, men må no le likevel.

    SvarSlett