fredag 19. august 2011

Skulestart 2011

Tre søte småbarn med øyne blå begynte endeleg på skulen att torsdag. Kvardagen er travel med tidlege morgonar og mange fritidssyslar, men flokken min er sosiale og glade i action. Dei masar aldri om at dei kjedar seg i feriane, og det kan vere greitt å ha nokre rolege periodar innimellom slaga. Likevel er det kvardagen som er det normale. Eg har det slik sjølv òg. Ferie er fantastisk deilig, men etter nokre dagar tilvenning kjenner eg at det er godt å begynne på att på jobb. Ikkje minst når helga kjem.

1 kommentar:

  1. Ja, for å seie det slik: Helgar og feriar vart ikkje heilt det same etter at eg blei pensjonist.

    SvarSlett