onsdag 31. august 2011

Today can be the first day

Overskrifta er eit slagord henta frå ein plakat på treningsstudioet der eg droppar innom på dagar som denne, og gårsdagen.

I går (måndag) regna det fælt, og eg visste eg skulle tilbringe noko tid på sidelinja som fotballmamma. Eg stakk derfor innom treningssenteret og gjekk/jogga ein times tid før eg drog over fjorden for å sjå kamp. G14-laget spelte uavgjort mot Åheim, og det var både dei og mødrene nøgde med. "Vi" låg under 2 - 4, men så scora keeperen "vår" då han skaut eit kanonskot over til det andre målet, der keeperen snubla inn i nettet med ballen i hendene. Etterpå forstod vi at det er dårleg sportsånd å le høgt og rått av slike generaltabbar, men både spelarane og mødrene fekk blod på tann og jubla provoserande høglydt då det fjerde målet til heimelaget slo inn. Klissvåte og utslitne var vi visst alle saman, og eg sat under eit pledd med godt drikke resten av kvelden.

I dag var eg tidleg ferdig med undervisninga, og eg valde då å stikke innom TREN igjen. Eg fekk berre eit par timar i heimen før eg på nytt måtte på jobb - i kveld var det nemleg haustens første foreldremøte. Som lærar og firebarnsmor opplever eg eit par travle periodar med foreldremøte i løpet av året, og dette første var eit informasjonsmøte på jobben der eg berre skulle vere til stades som kontaktlærar. Det vart sein kveld før eg kom heim med Minstemann, men i morgon har vi fri igjen.

Det er deilig å gå tur ute, nesten uansett vêr. No når kveldane vert mørke, er det minst like freistande å ta ei treningsøkt inne, og deretter kome heim og dumpe ned i godstolen. Det koselege med haust er å kunne nyte mørke, regnfylte kveldar inne, med tende lys, varm drikke, eit lunt pledd og ei god bok eller ein film. Dørstokkmila kan vere tung, og eg vil derfor trene før eg kosar, for å seie det slik.

Forma er bra. Eg var litt slapp etter ferien, men når eg går/joggar på tredemølla, kan eg måle pulsen og sjå faktiske prov på at den går raskt ned til normalt etter ein liten spurt. Den fiktive treningsdistansen vert stadig lengre på den tilmålte tida. Gangsperre eller andre negative følgjer av treninga merkar eg forsvinnande lite av, men nokre dagar let eg meg sjølv ta det litt rolegare fordi kroppen seier ifrå om at den berre vil gå, ikkje jogge. Hittil i haust har eg ikkje prøvd ro-apparat, for eg har hatt ei kjensle av at armane mine ikkje er heilt bra. Målet er å få trene meir styrke, og å kunne jogge meir. Det er berre det at eg slit med at eg hatar å bli andpusten og sveitt, noko som må til dersom ein skal presse seg litt og bli i betre form. 

Kva eg meiner med å skryte så uhemma av eige treningsopplegg?

For fem år sidan kunne eg knapt nok skjere ost eller brød, og eg låg vaken om nettene fordi armane verkte. Eg var ein del sjukmeld det året, gjekk til behandlingar fleire gongar i veka og måtte til slutt ta ein operasjon. Den hjalp ikkje noko særleg. Trening har vore min beste medisin.

Eg kjenner menneske som har gått ned mange kilo, som har slutta å røyke eller som er blitt friske av kreft.  

Det er mogleg å legge om stilen og gjere nokre grep for å få eit betre liv. Og då tenkjer eg ikkje berre på kosthald og trening, men på livsførsel generelt. Anten ein lid av sjukdom, svartsyn eller latskap, er det mogleg å tenkje litt meir positivt og konstruktivt for å få ein betre kvardag.

I dag kan vere den første dagen.

1 kommentar:

  1. Det er ein kunst å fokusere på den friske delen av kroppen og ta det derifrå!

    SvarSlett