mandag 12. september 2011

Alle mann til urnene!

I dag er det den store valdagen. Diskusjonane har gått og går heftig same kvar ein oppheld seg, og det ser ut som om engasjementet er større enn på lenge. Kanskje skuldast dette 22. juli - det vil i tilfelle den nasjonale valdeltakinga seie oss noko om.

Ved lokale val stemmer ein like gjerne på personane på lista, som på partiet. Eg plar stemme ulikt på kommune- og fylkesnivå, for på fylkestingsvalet stemmer eg som eg ville ha gjort til stortingsvalet. Der er valet langt lettare enn på kommunenivå - eg har i høgda to alternativ. På kommunenivå ser eg mykje på sakene. Her i kommunen er eg mest oppteken av å halde på dei goda vi har på bygdene når det gjeld skule og transport. Mange vil legge ned ungdomsskulane og sende alle borna til sentrum uansett om dei må ta både buss og ferje dit. Og apropos ferje, så er eg oppteken av at vegutbygging andre stader ikkje skal gå ut over kollektivtransport-tilbodet lokalt. Å forverre skule- og transporttilbod vil føre til ei stadig sterkare sentralisering, og få vil tore å busetje seg i utkantane i frykt for at livet der kan bli altfor slitsamt og tungvint.

Kall meg gjerne sneversynt, men desse sakene er såpass viktige for meg at eg ikkje let stemma mi gå til parti som er mest opptekne av tilhøve i sentrum. Det er truleg like uaktuelt for meg som bygdesakene er for dei som bur i sentrum. Ein skal sjølvsagt ikkje berre tenkje på seg og sitt, men akkurat kommunevalet er eit unntak.

Godt val!

4 kommentarer:

  1. Eg forstår og respekterer tankegangen din. Ein stemmer vel gjerne utfrå den situasjonen ein sjølv er i, særlig i kommuneval.Men som "eldre" vil eg ikkje vere så sneversynt at eg berre tenkjer på sjukeheimsplassar t.d.Eg er mest oppteken av at Ørsta kommune få økonomi til å kome seg ut av ROBEK, slik det no er aukan underskot og skuld frå år til år.

    SvarSlett
  2. Retting: Ørsta kommune skal få.....
    aukar.....

    SvarSlett
  3. Forståing og respekt er ikkje til å kimse av :)

    SvarSlett
  4. Eg skal stemme, men har ikkje bestemt meg enno ...

    SvarSlett