søndag 4. september 2011

Alle tiders søndag

Sidan fredagen vart såpass sosial, bestemte eg meg for å slappe av resten av helga. Laurdag vaska eg hus og klede, gjekk tur på vegen (det regna) og gjorde litt skulearbeid i tillegg til å lese/sjå tv. Søndag gjekk eg tur på vegen (det regna) og las litt bok før eg begynte på søndagsmiddagen. Dei ekstra oppvakte blant dykk kan av overskrifta gisse kva bok eg les.

På menyen i dag stod laks, for eg veit at det blir for lite fisk i kvardagen for somme av oss. Spesielt ho som bur på hybel et sjeldan fisk. Eg hadde kjøpt singelpakka laksestykke med sitron og pepar - og SKINN, viste det seg. Irriterande når det ikkje står med store bokstavar på pakken! Hadde eg skulla steikt den i panne, hadde skinnet vore ok, men eg plar oftast tømme oppå fisken eitkvart og steikje den i omn. I dag laga eg ei blanding av philadelphiaost, crème fraiche og finhakka purre og kolva over fiskestykka, som eg altså måtte flå først. Servert med kokte nypoteter, gulrøter og brokkoli vart det ikkje så verst, om eg må seie det sjølv. Dessverre tok eg berre bilete av fagjuryen før maten.

Dei to små for på kino rett etter middag, men vi hine meska oss med dessert òg. Eg kjenner at eg lyt ta ein ekstra kaffikopp i kveld...

3 kommentarer: