tirsdag 20. september 2011

Ballbinge på Straumshamn



I ettermiddag var det offisiell opning av ballbingen på Straumshamn. Det er mykje arbeid som ligg bak eit slikt byggverk, både når det gjeld den faktiske bygginga og alt det usynlege planleggingsarbeidet og finansieringa. Ordføraren rosa bygdefolket for dugnadsviljen deira før ho klipte snor og gav/fekk blomar. Sparebanken gav bygda eit sett med landhockeyutstyr og ein representant for fotballkrinsen gav vekk eit nett fylt med fotballar. Mange bygdefolk var samla til kaffi og kaker på grendahuset etterpå, men dei fleste ungane hadde det så travelt med å innvie bingen at dei gjekk glipp av mykje av seremonien.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer så mykje. Det vert kjekt!

    SvarSlett
  2. Javisst blir det kjekt! Dei held forresten på å bygge ein tilsvarande binge på skuleplassen på Folkestad, så det kan hende eg får med meg ei til offisiell opning.

    SvarSlett
  3. Sælig på Straumshamn må dette vere eit gode-ballen har vel hamna i sjøen/elva nokre gonger?
    Flott kake.

    SvarSlett