lørdag 3. september 2011

Bok 65 2011: "Den siste gode mann" av A. J. Kazinski

I følgje hebraisk tradisjon finst det 36 "rettferdige" som vernar menneskeheita mot vondskap. 34 menneske frå ulike delar av verda er døde, med mystiske tatoveringar på ryggen. Vil det vere mogleg å hindre dei siste to i å døy?

Boka er spennande og interessant, men som så ofte før vert eg skuffa over slutten. Personane som er med er godt skildra, så ein får sympati og festar seg ved historia deira, men sjølve handlinga vert litt søkt. Eg likar best tradisjonelle og fullstendig realistiske kriminalromanar der alle trådar vert nøsta opp mot slutten.

1 kommentar:

  1. Eg har lese denne boka i dette kalenderåret, men hadde problem med å finne den på boklista mi, FORDI eg hadde lagt den under etiketten "Vermelding 2011". Og så har eg "oppdatert" bloggen min, så eg har problem med å redigere. I korheit: EG likte boka, men syntest den tok vel av på slutten.

    SvarSlett