onsdag 21. september 2011

Bok 71 2011: "Glemte minner" av Rannveig Marit Mindresunde

Denne boka var eg faktisk så interessert i at eg sette meg på venteliste på biblioteket før den var publisert. Eg hadde lese omtale av den på ein blogg der bloggaren kjende forfattaren og såleis hadde fått tjuvkika på den. Kanskje var denne venskapen så nær at bloggaren kjende seg programforplikta til å rose boka opp i skyene, for eg vart i alle fall skuffa. Handlinga er lagd til Loen-området, der det har gått nokre store ras med påfølgjande bølgjer som har vaska vekk heile gardar og teke mange liv. Romanen skulle omhandle desse hendingane og følgjene av dei, men dreiar seg meir om privatlivet til forfattaren sjølv og bestemora hennar (med viss diktarisk fridom, sjølvsagt). Det er mange tårer i romanen, og innimellom blir det i overkant sentimentalt etter min smak. Dette vert forsterka gjennom språket, som verkar oppstylta, spesielt i replikkane. Nokre innslag av autentiske skriftlege kjelder er det mest interessante i heile romanen.

Dialekten i Loen er svært nynorsknær, og eg trur språket i romanen hadde blitt langt betre dersom forfattaren hadde skrive på nynorsk. Ord som "frembeina" verkar nesten latterlege samanlikna med det dialektnære nynorskordet "framføtene".

Det som i tillegg til språket irriterer meg mest med romanen, er når ein mot slutten opplever at dei døde lever som spøkjelse i forfattarens liv.

Eg hadde håpa på å få meir innsyn i Lodalshistoria, men innser at eg burde ha plukka opp ei lokalhistoriebok i staden.

1 kommentar: