fredag 9. september 2011

Det er tid for fredagskos

Når veka går mot slutten, plar hovudet mitt vere temmeleg tomt når det gjeld idéar til matservering. Torsdag kveld inviterte eg derfor ungane til å vere med på å planlegge menyen og aktivitetane i helga, og fredag ville dei ha pastasalat.

Min tradisjonelle pastasalat er rask å lage; faktisk laga eg alt det andre klart medan pastarøra kokte. Oppskrifta held til seks personar når ein ikkje serverer brød til, og sidan vi berre er fire, har vi ein del restar.

1 beger lettrømme
1 glas fetaost i olje + litt av oljen
1 boks skinke
1 agurk
1 isbergsalat
1 kg pastarør

I tillegg: cherrytomatar, paprika, mais og oliven til sjølvbetjening

Minstemann togg nokre peparkorn som hadde vore i oljen til fetaosten, og dette førte til følgjande kommentar:

"Tusen takk for mat, universets beste Mamma. Det va universets beste salat - eller jaffal verdens, for du he laga den bedre før"

Etter middag sette eg ungane i gang med å rydde og vaske romma sine medan eg gjekk tur. No skal vi snart kose oss med film og idol, og så kan helgefreden senke seg i heimen.

God helg til alle blogglesarar der ute!

4 kommentarer:

  1. Han kan få sagt det! No vart eg svolten. Eg kom sist heim att i dag, så det vart ein enkel rett her: ostesmørbrød. Så får eg lage ei suppe til kveldsmat, kanskje?

    SvarSlett
  2. 1 kilo pastarør? eg meiner det er mykje, eller.
    De kan gjerne komme med forslag om kva de vil ha til middag her i morgon. Eg er open for det meste.

    SvarSlett
  3. 1 kg er altfor mykje til oss - eg kokar til seks enno... Ingen spesielle ønske til i morgon, men vi skal ha hjortegryte på søndag.

    SvarSlett
  4. Då blir det avgjort ikkje hjortegryte her i morgon!

    SvarSlett